Men veit -

Veit at du aldri får kvile
i skuggen av treet du planta.

Men veit
det skal suse i blåsten
og doggi lyse i lauvet
for dei som i dag
er ei dirring i blodet
hjå honom og henne.

For dei som skal reise seg
upp or det varme
vernande morsfang
og ta til å ga
sin vandrarveg
over jord

skal treet ditt suse.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ennå på vegen

Ennå er du på vegen mot ukjent land.
Du veit ikkje kva som skal møte,
veit ikkje kva som kan hende.
Um du maktar å gå han i til ende,
står ein annans hand.

Veit ikkje kva som er attanfor
neste sving.
Hendingar ventar deg der
eller kjem deg i møte.
Dagar med ljos og skugge,
netter med myrker og stjernor.
Kan hende vàrast du når du kjem lenger,
at du har gått i ring.

Likevel dulpar ei glede
avdi du fekk mod til å halde fram
da alt ville brotne,
da livet det galdt.

Nå står du her ser deg attaende
og takkat for alt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein draum

Eg drøymde eg la
tanken min naken og levande
nyfødd ned i ditt fang.

Og gav deg ein skimt
av min løynde stad.

Eg drøymde eg la
min kjærleik
som eit lite barn
inn i armane dine.

Eg drøymde eg braut
ei grein.
Ville gje deg ein blome.

Men eg gav deg ein stein.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Berre ei bjørk

Eg er ei bjørk
med same røtene som eg alltid har hatt.
Med same stomnen,
same greinene og same lauvet.

Skiftar til nytt lauv kvar vår,
men lauvet er bjørkalauv
og bjørkalauvet
er alltid likt seg.

Eg er såleis tradisjonell
og folk kan tru
det er same lauvet-

Årringar legg eg p meg,
men dei er usynlege.
Litt dreg eg meg og på høgdi,
men ikkje like mykje kvart år.
Årsvoksteren blir
ettersom sumaren er.

Men augo som ser meg jamt,
ansar ikkje
at umfanget aukar
og at toppen rører ved himmelen.

Eg er berre ei bjørk.
Og ei bjørk er eit vanleg tre,
så kanskje ikkje folk
ansar meg eingong,
eller kjenner angen av lauvet mitt
etter regn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kva kjenner frøet

Kva kjenner frøet
i klaka jord,
i frost og kulde
og kalde vindar
frå nord.

Kva drøymer frøet
som ligg og ventar
i vintersvevnen.

Kva kjenner frøet
når jordi mjuknar,
når safter strøymer
og sevja går.

Kva livnar upp
i den frosne hug,
i bekkjesusen
og fuglekvitret
og sus frå skog.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Prøva

Tenkte meg til stupet.
Berre stå der still.
Ikkje noko anna.
Berre kjenne um eg har den
store styrken som skal til
ved å stå og ikkje falle
og bli dregen ned i djupet.

Stå der ute
ytst på kanten.
Stå der stø utan å svimre.
Dennestyrken som skal syne
um du maktar bera livet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Høgsong

Når dagen gjev seg kvell'n i vald, og somnar,
da vaknar det ei uro i mi lyst.
Eg dyrkar deg i stille elskhugstunder.
Eg elskar dine augo, og ditt bryst.

Eg stormar gjenom skog og grøne engjer,
vil møte deg i kveld og vera fyrst
te drikke dine fulle, raude lippor
og krevje deg og kviskre: Eg er tyrst.

Eg drøymer søtt i angen av din lekam,
det syd og susar i mitt tunge blod.
Eg tilbed reine rosaraude nattkjol,
som gøymer holde for mitt unge mod.

Eg elskar deg, er ordi i mi andakt.
Og tilbed kvar ei rørsle som du gjer.
Mitt hjarta dyrkar deg som ei madonna
og ligg på kne for den som er meg kjær.

Når hjarta drøyper blod i lengtingsstunder,
da vaknar det ein gråe i mitt bryst.
Eg elskar deg. Og kjenner eg går under
i eit hav av elskhug og av lyst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Livs strid

Rasande kjempar du livsens strid.
Freistar å slå deg gjenom ---
men blir ikkje fri.

Alt som du elskar blir såra, og fell.
Enda du veit du må tapa,
kjempar du lell.

Einsleg på hogberre skansen, og står
fatig og arm og krigstrøytt
med blødande sår.

Langdrjug er striden. Du må berre blø
til kvar ein drope et utlagd --
men fær ikkje dø.

Berre den feige ynskje seg daud.
Den sterke kann ta upp striden
i største naud.

Enda du veit at det ikkje vil skje,
kann du i tunge stunder
drøyme om fred.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du

Vi, - på kvar vår side
av vill foss, utan bru.
Min kjærleik ropar deg til seg,
heim til sitt bu.
Du høyrer ikkje. Og vender um
tungt, med mi lukke-tru.
Himmelen myrknar. Timane
tærer med angest-gru.

Dy gøymer deg av inn i skog.
Eg ropar. eg riv meg til blods, og leitar.
Med kjærleiks sæle tunglunde
skjelv min hug.

Du dreg meg mot fossestupe
i tunge vanvetuge stunder.
Utan deg, utan deg er eg ingen ting til.
Mitt liv går under. --

Draumane herjar den ville natt.
Kven eig deg, kjæraste? Når kjem du att
med mitt liv. Mi tru.

Helvets pine og Himmelriks sæle
er du. Er du!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Menneske

Ikkje ein gud
og ikkje ein djevel,
menneske er du.
Ikkje ein himmel
eller eit helvit,
men båe slag ber du.

Med alle vilkår
for trælearmod
og kongetrone.
Med kjærleiks signing
og hat's forbanning
og kross og krone.

Du blir kje fri deg.
For uheil er du
og millomtingen.
Alt ber du i deg
ja, all ting er du
og elles - ingen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så møttest vi att--

Så møttest vi att
etter mange
år av einsemd.

Og augo dine
var eit villframand menneskes augo.

I mi bringe
hadde bylgjone lagt seg til ro.

Din famn var tom
etter nokon som var reist-

Som med stròk av vemod
ser du meg granskande
inn i augo.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Til menneska

Berre i djupaste stilla
kan vatne fange og spegle
himmel og berg og ild.
Det knuste verdsbilete
er skapt av vår eigi uro,
er brot på eit hav av tid.

Midt i det ville, hektiske
fredlause timejage-
grip etter ro og stund.
Lat det bli stille i deg.
Da skal du sjå ditt andlet
stige or spegelbunn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kan eg nå di hand?

Når våre hender i hop
over dei mange mil
over dei mange år?

Kan vi høyre
kvarandres rop
Over så stor ein avstand?


Finst det vel avstand
i rom og tid
for det som var ifrå æva
og æveleg skal bli?

Kjærleiken gror
i menneskehagen
her vi går.
Kjærleiken
som er yngre enn morgondagen,
eldre enn år.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Treet og bekken

Står der det står
alltid det same
med røtene fest,
med tæger som leitande fingrar
fumlar seg gjenom myrkret:
mot fulle bryst.

Strøymer bekken
i same faret
dag etter dag
ifrå gry til gry.
Stendig skiftande
aldri den same
alltid ny.

Renn burt og renn burt.
Treet står,
gjev seg tid til å gro.
Bekken og treet
i stendig rørsle
i stendig ro.

Godt å vera bekk
vera tre
vera strøymande
vera fred.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vær årvåken og takknemlig
når du nyter naturens gaver,
for ingenting på jorden
er ubetydelig.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dans yndefullt
med
jordens begrensninger

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ta deg tid til å fullføre
de nødvendige forandringene
i ditt eget liv
før du ordner opp
i verden.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skap et hjem som ønsker deg velkommen
ved dagens slutt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

La naturen omgi deg
og puste liv i din sjel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

-Hvorfor blir du så glad når jeg bruker navnet ditt?
Hun tenkte seg om litt:
-Jeg føler det som et kjærtegn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne Jensen