Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 9 av 9 sitater

KM i kos.

Utanfor Bergen var det KM i kos,
som opna med hot shots og jubel i Os.
Då startskotet gjekk, fekk kosinga fart,
med store som klemte dei små litt for hardt.

Terje frå Os kom inn i ein stim,
gjekk over streken, vart litt for intim.
Den ivrige Terje heiv innpå ein shot,
og klemte ei jente så fjeset vart blått.

Dagen derpå fall medias dom,
Terje fekk sjokk av all skryten som kom,
om Terje frå Os, ein svært langvaksen gut,
som blant dei under seksten hadde merka seg ut.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Banale bilde frå mitt heilt eigne bryllaup.

Ingen ville ha meg,
det var slett ikkje bra,
unntatt meg sjølv,
det skal eg ha.
Eg fridde til meg,
då gjekk det bra,
for svaret eg fekk,
var eit klokkeklart " ja ".

Det vart borgarleg bryllaup,
det passa i grunn,
for eg og meg
har budd saman ei stund.
Det vart storfest i heimen,
og bryllapsreiseplanar,
men kjærleiken rustar
av inngrodde vanar.

For dagen derpå
kom det tvil i meg,
det heile gjekk gale,
det skjønte då eg.
Eg vart fortvila,
eg vart forbanna,
på meg som gjekk rundt
og var klar for ei anna.

Det vart kjensler og tårer,
eg var deppa og svak,
det vart krangel og husbråk
og skilsmissesak.
Men ingen vil gi seg
og kasta ein klut,
for eg og meg kranglar
om kven som må ut.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Diktsamling i bokhandlardrama.

Inne i ein bokhandel
ligg eg-ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.

Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
frå ekle " Ord om lykke "
til svære leksikon.

Eg er ei bok i redsle,
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
Med Kjærstads nye bok.

Eg ropar til ein kunde :
" Kom og redd meg no! "
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.

Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ingen draumemann.

Eg er ingen draumemann
for deg som stiller krav.
Eg er ein av mange menn,
det finst så mange av.

Eg er slettes ingen draum,
men kun eit substitutt,
mens kvinner går og leitar
og finn mannen sin til slutt.

Eg er regelrett ei trøst
til dei finn draumemannen sin,
og mens dei leitar rundt i blinde,
er det kjekt å steppa inn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Spisskompetanse.

Draumen min, om Anfield Road,
Brann stadion og Neil Mcleod
håpet om ein proffkontrakt,
Wembley, Wembley, pomp og prakt.

Ut på vingen, eg og ballen,
ned på brystet, opp på skallen,
kjapp tunnel, knallhardt skudd,
rett i mål, mitt gjennombrudd.

Jubelrop frå Store stå,
Publikum vil ikkje gå,
opp i vêret, eg vart helt
og "Kongen av det grøne felt".

Men sakte ser eg verda rakna,
ut av draumen, eg har vakna,
ifrå benken i ein idrettshall,
tysdagskveld, studentfotball.

Ut på vingen, eg og ballen,
latter rungar gjennom hallen,
trakka på kula, så eg fall,
null teknikk, best utan ball.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Julebord i enkeltmannsføretaket.

Bedrifta var samla,
det var meg og eg.
Eg var der som tilsett,
Og sjefen var meg.

Så drakk me og åt,
sjefen og eg.
Eg las dikt,
då kosa eg meg.

Sjefen heldt tale,
og skrytet fekk eg.
Eg takka for året,
og gav blomar til meg.

Etter desserten
gjekk eg frå bordet,
og drog med meg sjefen
inn på kontoret.

Eg såg meg i augo,
kviskra sjefen i øyra.
Sjefen min smilte,
det er slikt han vil høyra.

Eg er nokså lur,
eg veit kva som trengs.
Eg gjekk opp i lønn,
Og fekk sjefen til sengs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg hadde ein draum,
det var duka for leik,
eg drøymde ein kamp
mot villdyret Mike.
Eg sov, men vart redd,
har knapt boksa før,
men det har Mike Tyson,
så her vart det kjør.

Eg stod der kaldsveitt,
og senga vart klam.
Det song i gongongen,
Tyson spratt fram.
I draumen eg hadde
vart det litt av ei natt,
For i møtet med Mike
prøvde eg å ta att.

Eg sov svært tungt,
og midt i kampen
eg drog til meg sjølv
og nattbordlampen.
Lyspæra rauk,
og der var det straum,
og så tok det fyr
i min boksande draum.

Brått fekk eg støyt,
og no skal du høyra,
eg svartna i trynet
og beit av meg øyra.
Frå boksing og straum
sat eg att med to ting :
skambank av Tyson,
og hår som Don King.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg knuste ei rute
på bilen hans far,
far vart forbanna
far min er hard.

Far sa eg fint
fekk betala for meg,
men pengar den gong
det hadde ikkje eg.

Far min skreiv gjelda
i bok med raud penn,
eg minnest det vel
han fekk gjelda igjen.

Tre tusen spenn
kosta reparasjonen
nett det eg fekk hjå
far til konfirmasjonen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Bondeheimen ligg langt frå Voss,
her har dei meir enn heime hjå oss
Bondeheimen, tradisjonar og skikk,
frå raspeballar til lett erotikk.

For bondeheimen har enkeltrom,
med TV- kanalar eg no lærer om.
Eg sit på rommet og får ikkje fri,
frå dette dei kallar for pay- TV.

I TV på veggen kroppar vert knadd,
Ynkande damer stikk ut bak ein sladd.
Eg er opp om natta, føler meg frekk,
eg håpar iherdig at sladden går vekk.

Eg ringer ein kompis, litt over tre,
han lurer nok på kva eg styrer med,
eg guffar opp lyden før praten er omme,
så han kan forstå eg har jenter på rommet.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalAlex NietoMalinn HjortlandAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryBjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete Aastorp