Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Det var psykologen som oppmoda meg til å byrje å skive igjen. Psykologen fekk greie på at eg var glad i å skive, og han sa at det måtte eg for all del halde fram med. Det gjer godt å skrive, sa psykologen. Skiv i veg, sa han. Og så kan du vise det til meg etterpå, sa han

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Far min drog av meg den blå trusa og tok til å slå

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg beit heilt til eg ikkje greidde å tenke på noko anna enn at det gjorde vondt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Telefonrøret likna tjukke bukkehorn, og no kom bukken stangande imot meg igjen. Eg sprang inn på badet og slo igjen baderomsdøra etter meg. Bukken brekte og brekte på andre sida av døra. Eg held for øra og nynna så høgt eg berre greidde. Etter ei lita stund slutta eg og nynne. Eg tok hendene vekk frå øra og hørte det var heilt stille. Plutseleg tok bukken til å rape og breke igjen. Eg reiv skyljeglaset ut av det vesle stålstativet. Eg slengte skyljeglaset i døra så glasbrota spruta blinkande ut i rommet. Slutt opp, brølte eg. Slutt opp for helvete, brølte eg. Eg brølte så høgt at eg vart glovarm i hovudet. Eg snudde meg mot spegelen. Eg var mørkeraud i ansiktet. Så bli raud da for helvete, brølte eg. Eg stakk ansiktet heilt inntil spegelen og brølte ein gong til. Eg brølte av all mi kraft mot spegelen. Så berre bli raud da, brølte eg. Raud, raud, skreik eg. Eg kvervla rundt, pressa ned handtaket og sparka opp baderomsdøra. No er det fan steike meg nok, skreik eg. Eg gjekk rett mot bukken i eit rasande tempo.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Snodige bilde sprang fram inne i hovudet på meg. Bilda glei over i kvarandra, og snart var tankane mine ein einaste orgie i tid og rom.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg knytte neven og slo meg sjøl i panna. Ein gong, to gongar, tre gongar slo eg meg i panna. Kutt ut for helvete, brølte eg gjennom skogen. Forsvinn ut av hovudet på meg, brølte eg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Han med barten hadde vore overstadig rusa og kjørt inn i eit tre. Bilen var trykt inn på midten, og fronten likna metallarmar som omfamna trestammen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei går gjennom korridorane med stille skrik i auga.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardTor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_VannflaskeGodemine