Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

Det er ein viktig forskjell på monster og tjuvar. Det eine finst, og det andre finst ikkje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men mest synest eg det er så fint å få sjå inn i gangen til folk og førestille meg korleis dei har det. Nesten alle vi ringer på hos, er naboar som vi veit kven er, men som vi kanskje ikkje brukar å besøke. Og eg synest det er så fint å stå utanfor slike nabodører, og så opnar dei og vi får ein liten gløtt inn i huset deira. Slik er det når vi sel lodd eller går julebukk, også. Ein stad er det koseleg, ein annan stad er det skummelt, ein tredje stad luktar det alltid kanel. Og når eg legg meg om kvelden, kan eg ligge og tenke på alle nabodørene og livet som er der inne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ho pakka dyna rundt oss, og var sånn i ansiktet som eg likar så godt. Sånn takknemleg, på ein måte.
Eg høyrde stega hennar i trappa då ho gjekk opp. Vindauget knirka. Elva susa utanfor. Og ved sida av meg snorka Oskar som ein pensjonist.
Eg tenkte litt på tjuvar, litt på dokosten og på pappa med steikepanna. Men så krølla eg meg inntil Oskar og flaut inn i søvnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

– Mamma?
Men mamma berre såg ut vindauget, sjølv om det var mørkt og ingenting å sjå. Eg flytta uroleg på meg. Då mamma endeleg snudde seg, såg eg at det hadde runne tårer på begge kinna hennar. Men ho smilte likevel.
– Veit du, Ida-mi? Ho er ikkje lita og teit, den hytta, sjølv om du trur det akkurat i dag, sa mamma. - For viss du blir veldig, veldig gammal ein gong, så gammal at du har opplevd nesten alt, så gammal at du ligg i senga di på sjukeheimen og tenker tilbake på livet ditt, då kjem den hytta du leika i saman med Arvid og Oskar, til å vere noko av det største og viktigaste av alt du hugsar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Stine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenHarald KTine SundalHildeKirsten LundToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit R