Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
En storm lik den
hans bare hode måtte holde ut
i denne lange helvedsorte natt,
ville ha løftet havet opp til himmelen
og slukket alle stjerner.
Jarelen av Gloucester, tredje akt, scene VII
Som fluger leikne gutar finn, er vi for gudane.
Dei drep for moro skuld.
Gloucester, fjerde akt, scene 1
La gudane som dreiv
så fælsleg leven mot oss, gå på leit
og sjå sin fiende. Skjelv du, usle skrap.
I hugen din ligg ukjend udåd løynt
usett av lova. Gøym deg, du blodige hand,
du meineidsmann, og du som hyklar dygd,
men bur i blodskam - usling, skjelv deg sund!
du som fordekt av vennsælt oppsyn går
på lur mot andres liv. All innstengd synd,
spreng gøymestaden sund og rop på nåde
hos strenge domsmenn. For eg er ein mann
det blir meir synda mot enn eg har synda.
Lear, tredje akt, scene 2
Så strålande galen er denne verda, at når lykka vår sjuknar, - ofte fordi ho har forete seg på våre eigne bragder, - legg vi skulda på sol, måne og stjerne. Skulle tru vi var tvinga til skurkeskap, dårar av himmelsk påbod, slaur, tjuvar og svikarar fordi stjernene på førehand hadde gjort det slik, fyllesvin, løgnarar og horebukkar fordi planetane hadde ei stilling som dreiv oss til det. Og alt vondt i oss skulle ha ei guddomleg årsak! Eit storarta påfunn av mannen, den horebukken, å gi ei stjerne skulda for kåtskapen sin! Far min kom i hop med mor mi under svansen på Draken, og eg kom til verda under Storebjørn. Slik har det seg at eg er rå og ryggeslaus. Tøv! Eg hadde vore den eg er, om så den mest jomfruelege stjerne på firmamentet blinka da lausungen vart til.
Edmund, første akt, scene 2