Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 15 av 15 sitater

Altså var det verkeleg i gang mellom dei. Og kva sa så fuglen, på sitt fine språk? Mattis var ikkje i tvil. Det var om stort venskap. Prikk prikk prikk. Uendeleg venskap, tydde det. Han tok fram trepinnen og prikka med høgtid at det var likeins fatt med han.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han fann seg ein pinne og prikka eit svar på ein ledig flekk i det brune. Vanlege bokstavar brukte han ikkje, det var for rugda, så han brukte fugleskrift han òg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar
  • Du er rar du, sa han, skulle eg sjå eitkvart kvar gong er ser ikring meg - korleis ville her bli laga då? Då ville her bli fullt.
Godt sagt! (5) Varsle Svar

La meg no ikkje tenke til eg ligg der, sa han med han auste så gausen stod over skvettebordet. Gjer eg berre tenker, så er båten full snart, og dermed druknar eg. Tenke får eg heller gjera på tørtland.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Fortenkt og tunt var andletet midt imot han. Bleikt. Men eit par auge drog han til seg og ville ikkje sleppe han. Han hadde hug å seia til denna framfor seg: Kvar i allverda kjem du frå! Kvifor kom du? Han ville ikkje få svar. Men det stod i auga der - auga som ikkje var hans, men eit par langfarande som hadde sett gjennom natt og dag.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

GodemineHarald KInger-LiseDemeteralpakkaBookiacTor-Arne JensenKirsten LundMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieEli HagelundTonjeNorahTheacathyPiippokattaHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBEivind  VaksvikAndreas HesselbergStig TSissel ElisabethBeathe SolbergLailaNtotheaSynnøve H HoelIngrid HilmerBeate KristinAgnete M. HafskjoldHarald AndersenTine Sundalanniken sandvikBirkaHildeAnniken RøilHanne Kvernmo Ryesomniferum