Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 14 sitater

Og elles måtte dei passe på at ei av dei mest framfusne jentene i Vassbygda, Kari Ulrikke Kvalheim, så vidt myndig, ikkje vann. Ho kom heilt sikkert til å be om å få dei tre initialane sine i mose.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
  • Er det normalt å tenke sånn?
  • Normalt og normalt. Men det er slik ein får seg kjærast. Ein må sjå sammenhengar, kunne gjere tankesprang, ein må kunne seie noko som gjer at den andre undrar seg. For å bli vedunderleg må ein først bli litt underleg.
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein måtte ofte vente litt, til jordbæra var raude på begge sider, til ein var stor nok til å lese orange bøker, gammal nok til å skyte moskus, ein måtte vente på kjærleiken, sikkert, og på gode tankar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, det var mykje som kunne druknast i øl. Sniglar og sorger. Men om ein unge kom frå sommarferie på Vestlandet med ord som "skrømt" og "åtak" på leppene, kunne ein ikkje drukne dei i øl, verken orda eller ungane.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For å bli vedunderleg må ein først bli litt underleg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar
  • Da står det berre på pengar, sa Uføre.
  • Det skal ikkje stå på pengar.
  • Og premiar, sjølvsagt, sa Uføre.
  • Det skal ikkje stå på premiar.
    Uføre likte desse folka. Dei var flinke til å samarbeide.
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein kunne dra i gardinsnora for å stenge sola ute. Til nytte det òg, men ikkje om ein gjorde det for å stenge seg sjølv inne, så ein kunne sitte der i mørkret aleine med tankane sine, uønskte og usunne tankar som kom om att og om att, om noko ein hadde gjort som ein ikkje skulle gjort, om noko ein skulle gjere som ein grudde seg til og ikkje trudde at ein ville greie, og da var det ikkje berre å reise seg og gå ut i lyset og spele fjørball, for nokre tankar var sterkare enn pepar og fajitaskrydder, nokre tankar kunne utslette gleda ved å sile badestrandsand mellom fingrane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
  • Vi har diskutert namnet ditt, og vi synest du har eit fint fornamn.
  • Å?
  • Ja, det står godt til deg. Du er jo ein einar.
  • Takk for det, men...
  • Men vi er ikkje like glade i etternamnet ditt. Det er ikkje nynorsk. Så vi lurer på om du vil skifte namn, til Aukland?
  • Aukland? sa Økland.
Godt sagt! (3) Varsle Svar

-[...] Dikta får deg til å gjere tankesprang. Eit godt dikt er som dette brettet framfor bukken i gymsalen ... kva heiter det, no ... det som gjer at du kan sprette over?
-Springbrett?
-Ja. Alle som les gode dikt, får slike spenstflater inni seg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

-Eg har ingen kjærast.
-Nei. Men om du les dikt, aukar sjansen for å få det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienSigrid Blytt TøsdalBjørg Marit TinholtTrude JensenkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KMads Leonard HolvikKirsten LundPrunellaLailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. Martol