Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 35 sitater

Eg var begynt å spele litt for mykje hovudrolla i mitt eige drama, og det var eg ikkje vand med. Rolla låg ikkje for meg. Det burde regissøren ha sett på førehand.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Èin gong snudde eg meg og såg på Munk. Han såg ut som han stod midt i ei lokal regnbyge, der han var det einaste mennesket det regna på.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Eg sat no ved eit bord, med god kjøttkakesmak i kjeften, og såg framtida mi kome rullande mot meg som ei full høyvogn. Det lukta feitt og godt gras av ho, det var både kløver og plenti av timotei og ei sprellande grøn grashoppe sat på kanten med ein liten klarinett."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ingen rev, ingen abstraksjon, en helt ekte sexmaskin. Uforfalsket, firehjulsdreven kåtskap. Svare strev med å finne henne.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du ser så pen ut at ein skulle tru du ville liggje med meg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det var dette søndagsskulelærarane mine alltid hadde åtvara meg mot, og no såg ein kor mykje det hjelpte.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg tenkte: Enn om dei skifte, sette dei som sat i kretsfengselet, inn i rådhuset og omvendt, la dei byte jobb. Kva slags forandring ville det medføre? Ingen. Det ville ikkje bli noka forandring i det heile tatt. Forbrytarane var dei same, det kom berre an på kor dei sat.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

James Brown sette i eit grynt og begynte å fortelje at han kjende seg om ein sexmaskin. Det er så mange slags kjensler som kan kome over eit menneske.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har begynt å få litt erfaring slik, eg kan sjå på folk når dei prøver å tenkje. Som regel kjem det lite ut, men dei har i alle fall prøvd.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Verten skjenkte oppi ein kopp av den typen som er så liten at når du har drukke han, så hugsar du det ikkje, og når dei krev betaling av deg, tar du det for ein spøk, og når du ser at det er alvorleg meint, begynner du å reflektere over kor absurd verda er, og kva som er meininga med alt saman.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil