Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Seinare har eg sjølvsagt forstått at det å ikkje komme til poenget er sjølve filosofiens vesen, men dét er det jo ikkje noko trøyst i.
Kvifor må det absolutt være slik, kan ein lett ta seg til å tenkje, at mens mannfolka sit å held den frodige, flotte fortellartradisjonen i live, så sit damer berre å bablar og bablar i veg om ingenting.
[Om nonner] Er det ikkje noko egosetrisk ved berre å forsvinne frå alt samfunnsansvar for å dyrke kjerleiksforholdet mellom seg og Gud og sikre si eiga frelse?
Korleis blei verda slik at me må trene? Kva for energi ville ikkje blitt frigjort om ein hadde sloppe dette!
For den som er skuffa over at alt berre er heilt greitt og at livet alt i alt er litt fattig, er kino et heilt nødvendig og svært effektivt hjelpemiddel for å få piska opp litt kjensler i seg.
Folk som er usikre på eigen intelligens, vil alltid prøve å skape inntrykk av å ha eit langt rikare indre liv enn det dei eigentlig har.
Fordelen med å sitje lenge fremfor eitt og same måleri er at ein automatisk verkar velsigna med eit rikt indre liv.
Ein bli aldri trygg på egne vurderingar før ein har fått stødd seg på ein nøytral tredjepart.
Ved kassen står det hylle opp og hylle ned med dei mest bestialske krimbøker. Det er ei fattig trøyst, men like fullt ei trøyst til pasientane: Du er kanskje alvorleg sjuk, men hugs no på at det er mykje verre å bli myrda på verste vis!
Å stå med ryggen vendt mot heile lokalet og la rumpa si bli fillerista i fem minutt, det krev ein del mot.