Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 1 av 1 sitater

EIN KLIVANDE KROPP

Ein klivande kropp:
Inn i den synlege verda kjem den, sakleg blant saker og ting

Hav løfter vinden, vinden havet
Blir rive laus av iveren i eit anna element

Eplet ligg der i kassen og lukta lèt seg forme av kassen
Lukta får slik ei form, den sperrar seg ut mot veggane

Kroppen kliv liksom ut av seg sjølv, tek eit steg ut av kroppen
Den ryddar veg, den blundar vilt

Eit hannleg steg i verda, eit holeg kliv over ei grøft
Eit steg tilbake ned i søle, med sol i ryggen

Kua trugar piggtrådgjerdet med juret sitt
Tida strekker seg ut til alle kantar

Det vi er redde for, skjer allereie, ulykka er framme
Den bukseforma vasen vaklar, men blir stødd av lufta

Eg stryk over ei av verdas mange kjegleformer
Eg kjærteiknar den gjennomskinlege kroppen for å få den synleg

Vi visste heile tida, noko grunnleggande om verda
Ho tek seg inn i og ut av oss, ho brenn som eit bål

Vi stig som steinar
Vi kliv svartkledde og vengebretta blant skyene

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaCathrine PedersenEivind  VaksvikÅsmund ÅdnøyBirkaBerit B LieLabbelineJohn LarsenHeidi Nicoline ErtnæsKirsten LundLailaTone HLene AndresenTorill RevheimAnne-Stine Ruud HusevågMarit MogstadKari ElisabethHilde H HelsethTove Obrestad WøienIngeborgRufsetufsaLiv-Torill AustgulenSynnøve H HoelBjørn SturødReadninggirl30EvaBjørg L.Ellen E. MartolBeathe SolbergNinaAnne Berit GrønbechKjersti STore HalsaIngeborg GToveMathiasDolly DuckSigrid NygaardEgil KristiansenHarald K