Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Eg tenker at - begynner han, denne ultimate formuleringa for å varsle om at no kjem det noko lite gjennomtenkt, ...
Klokka er to. Ute er det merkeleg stilt. Inne like stilt, bortsett frå ei svak summing frå kjøleskapet. Det slår henne at ho burde sitje oppe om natta oftare, det er noko der ein går glipp av når ein alltid legg seg til å sove.
Innlevingsevne, seier ho. Å lese skjønnlitteratur er å leve seg inn. Einige? Folk som ikke les bøker, dei får rett og slett ikke nok trening i å leve seg inn i andre menneske. Resultatet? Dei forstår seg ikkje på folk.
Ødipus ser ingenting før han må. Men no når han ser det, at han har gifta seg med mor si og drepe far sin, då søker han mørket.
Gifta seg med mor si? kjem det frå første rad. What?
Nokre av studentane tar notat, det må ho jo kunne gå ut frå, men ho førestiller seg at det store fleirtalet sit og bestiller klede på nettet.
Verdas eldste yrke er forteljar.
Alle skjønar jo at hovudpoenget med litteratur er å skremme barn til å halde kjeft og oppføre seg. Og til å få dei til å sove. Men det er jo faktisk utruleg viktig!