Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

Det same sverd dei slo, med trege drakk vår Jord sitt eige ætteblod.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han som eg krenkte verst med brotet mot all sømd,
han lever! ... Det er nok, då veit eg eg er dømd.

Fedra Akt 3, scene 3.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

OINONE
Kven elskar De?

FEDRA
Eg skjelv for namnet eg må seie.
Eg elskar ... Det var best den redsla fekk bli løynt.
Eg elskar ...

OINONE
Kven?

FEDRA
Den prins som berre vondt har røynt
frå meg ... den mann på jord eg aller sist må femne ...

OINONE
Hippolytos! Å gru!

FEDRA
Sjølv laut du namnet nemne.

Akt 1, scene 3.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg såg han, eg vart raud... og så med ein gong bleik, var ikkje meir meg sjølv, - mi makt, min vilje sveik, eg var som stum, som blind, såg ikkje kvar eg trødde, min lekam stundom fraus, og stundom løynleg glødde.

Fedra Akt 1, scene 3

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å, herre, gudane har aldri hatt for vis å spørje oss til råds når lagnadstråd skal tvinnast.

Teramenes Akt 1, scene 1

Godt sagt! (1) Varsle Svar

TESEVS

Det finst vel allstad dei som spottar rett og lov,

som prisar blodskam, hor og svikarferd og rov.

Vend du deg trygt til dei! Ja gå til dine likar!

Hos dei finst nok eit rom for enn ein skamlaus svikar!

Akt 4, scene 2

Godt sagt! (1) Varsle Svar

FEDRA

Eg har alt sagt deg nok. Du veit eg har deg kjær.

Så sjå min villskap då! Sjå Fedra som ho er!

Akt 2, scene 5

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PrunellaLailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald K