Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Å gå frå hytte til hytte i fjellet er i beste fall ei form for ferie som utelukkande inneheld dei to kjedeligaste tinga med å vere på ferie: pakking og transport.
Naturfolk har kanskje seks tusen ord for sludd og kan sjå på ein trestamme kva vêr det blir om to veker, men vi har med oss ein mann med klokkeklar intuisjon for nøyaktig når ein må gå for å sikre seg eit bra bord.
Eg begynner å tenke på ting eg liker. Det er betre enn å telje sauar. Og alt eg liker, har lyd. Folk, for å begynne med det opplagte. Lyden av tungt regn mot ei markise. Det liker eg også. Spesielt viss den markisa høyrer til ein plass med kelnerar.
...når nokon har gjort seg umaken med å finne opp sånt som veggar og tak og hotellbarar, då er det rett og slett litt utakknemlig å bu i telt.
Eg kjenner single folk som klagar på at dei mister kontakten med gamle venner når desse vennene får seg kjærastar. Og det kan eg ha ei viss forståing for. Men dei mistar i det minste vennene sine til det største av alt: kjærleiken. Eg mistar vennene mine til stein.