Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Den lengselen ein kjenner i fengselet, er umogleg å beskrive. Han er så djup, så naken, så primitiv at ingen ord er nakne og primitive nok. Kjensla let seg ikkje beskrive med ord, kanskje heller med klynka og skrika til ein slått hund.

Skal ein skjønne den kjensla, må ein ha høyrt skrika til menneska i fengsel, og dei let seg ikkje høyre.

Dei som kjenner skriket inni seg, klarer ikkje eingong å vise det ordentleg til menneska dei er glade i, men gøymer det skamfulle inni seg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kvart auge som les linjene eg skriv, kvar røyst som nemner namnet mitt, blir som ei lita sky som tek meg i handa og fører meg over sletter, vasskjelder, skogar, sjøar, byar og gater. Dei ber meg stille inn i stovene og romma sine.

Frå ei fengselscelle besøkjer eg heile verda.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi bur på ein planet der levande et levande. Menneska driv ikkje berre og drep andre skapningar, men også kvarandre. Fjella spyr ut eld, jorda slår sprekker og sluker alt levande, vassmassar veks seg ville og øydelegg alt dei kjem over, lyn regnar ned frå himmelen.

Når menneske klarer å førestille seg at ein slik skremmande stad er skapt av ei kraft som representerer "det absolutt gode", når dei trass i råskapen som tilværet kviler på, kan eige ei slik positiv førestillingsevne, viser det for meg eit av dei merkelegaste paradoksa ved mennskeslekta.

Folk trur at det er "ei kraft" som har skapt alt dette, men dei klagar ikkje på denne "krafta", tvert imot, dei tilber henne i takksemd.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Medan 1800-tallslitteraturen fekk fram dei største løyndommane i menneskenaturen gjennom skakande djupe skildringar av kjenslene til mennska, retta 1900-talslitteraturen kursen mot tankar i staden for kjensler.
[...]
Tankane representerer i romanen forfattaren, for jo meir tankar det er, desto meir rom for forfattaren, og jo meir rom som blir gitt til forfattaren, desto mindre rom blir det igjen til romanpersonane, som dermed ikkje får utvikle seg og enda mindre utfalde seg på djupna.
[...]
Tek ein for seg dei store 1800-talsklassikarane, legg ein merke til at romanpersonane kjem føre forfattarane. Far Goriot kjem føre Balzac, Anna Karenina føre Tolstoj, Madame Bovary føre Flaubert, Karamazov-brørne føre Dostojevskij. På 1900-talet blir forholdet generelt i all hovudsak sett snudd opp ned. Forfattarane kjem føre romanpersonane.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Tolstoj fangar livet som ein landsbyunge fangar ei marihøne og held henne i handa.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken