Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 25 sitater

Eigentleg er treningsmotivasjonen influert av at eg såg Max Manus på kino, og gjekk ut av salen med ei kjensle av skam over å ikkje vere krigshelt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er nesten ingenting som er betre enn å treffe ein venn som seier: Det var så fint vêr i dag - skal me gå på kino?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er rart at ein aldri såg nokon døy av latter under Du skal høre mye...-sendingene, men det blei vel gjerne redigert bort.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er pinleg å ikkje ha stort utbyte av kunst. Det er sikkert det siste eg burde tilstå her i verda. Eg er alltid den første som vil forlate eit galleri, og den siste som vil innrømme det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein gong i tida trudde eg at folk reiste bort for å sjå noko nytt og for å oppleve noko annleis enn det som finst heime. Men når det gjeld Syden, har reisemålet berre same funksjon som eit stort, skandinavisk solarium.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det er noko mistenkjeleg ved folk som går åleine på kino. Eit kinobesøk er ein utprega sosial aktivitet, og det kjennes nesten perverst å gå på kino berre for filmen si skuld. Oppfattar folk meg som ein einsam og kulturinteressert ulv som har mislukkast fullstendig sosialt, og dermed mislukkast fullstendig på alle måtar? Slik kjennest det iallfall. Eg kjenner meg ikkje det minste sjølstendig, berre sosialt mistilpassa og skamfull. Eg ønskjer meg ei t-skjorte med påskrifta "Eg har eigentleg veldig mange venner!!" Dei som seier at einsemd er det siste tabuet, er sikkert inne på noko.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då eg var lita, innbilte eg meg at eg var svært oppteken av filosofi, men då eg tok konsekvensen av denne innbilte interessa, og begynte å lese filosofi, oppdaga eg at eg ikkje var interessert likevel. Eg ville bare lære å leve rett, ikkje rote meg inn i noko helvetes dualismeproblematikk.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

"Det er ikkje berre berre å prøve å konsentrere seg om noko så vanskeleg, og kjedeleg, som litteratur i eit sosialt rom. Eg kan fint få med meg kva som helst på radio, men opplesingar: umuleg. Kvifor? Eg sit på svaret, iallfall for min eigen del: All konsentrasjon går med til å setje opp ei tenksam og kritisk vurderande mine. Eg har ein svært sterk hang til å prøve å sjå meir intelligent ut enn eg i røynda er."

Godt sagt! (6) Varsle Svar

"Eg ruslar mot stranda og passerer på min veg ein mann som har til yrke å plassere den kvite papegøyen sin på skuldra til forbipasserande, for deretter å fotografere dei. Nokon må gjere den jobben og".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Då toget stoppar på Finse, kjem stasjonsnamnet opp på displayet over døra, saman med “1222 m.o.h.”
- Kva betyr det der “m.o.h.”, seier den eine jenta til den andre.
- Veit ikkje, svarar ho og trekkjer på skuldrene.
Dei begynner å tippe på kva det kan tyde. Å ungdom, kor lite kontroll dei har på dei mest basale ting, tenkjer eg og kjenner ei lyst til å skjere gjennom og fortelje dei kva det tyder, men får meg ikkje til å gjere det. Dei gir seg ikkje, men kjem berre lenger og lenger ut på viddene.
- Mot... vind? Kan det bety motvind?
Herregud, no begynner eg å kaldsveitte berre av tanken på å opne munnen og avsløre svaret på denne gåta dei har sett seg føre å løyse. Korleis kan ein vere tolv år og ikkje vite betre enn dette?
Eg klandrar skuleverket! Og ikkje minst foreldra, her har dei på verst tenkjelege måte svikta ansvaret sitt. Eg sit på nåler og er heile tida på nippet til å la svaret sleppe over leppene mine. Eg er irritert på meg sjølv fordi eg ikkje kunne greie å vere litt meir spontan, og no er dei i alle fall heilt ute å køyre med gjettingane sine:
- Med... andre ord ...?
Nei, nei og atter nei, dei blir berre dummare og dummare der dei sit, og eg sjølv er truleg heilt kvit i andletet av skrekk. Skal eg, skal eg, skal eg, skal eg, skal eg, skal eg... sit eg og hakkar inni meg.
- Meter over havet, seier eg endeleg, og blir i same sekund overmanna av hjartebank. Dei gløttar så vidt bort på meg, men berre delvis spørjande.
- Meter over havet, det betyr meter over havet, pressar seg fram like før eg held på å segne om. Dei to små svina berre stirer litt dumt på meg og greier så vidt å presse fram eit uinteressert “å ja...”, før dei ser på kvarandre og fniser uforskamma. Lykke til med å bli tenåringar, håpar det går til helvete, rekk eg å tenkje før dei går av på Geilo.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Hilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt FagertveitbandiniBjørn SturødMarit HåverstadAgnete M. HafskjoldMarianne MTurid KjendlieDemeterIngeborg GCarine OlsrødAnneBeathe SolbergKari Merete