Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 15 sitater

Nokon skal ha sagt at du bør prøve alt i livet ein gong; unntatt incest og folkedans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vi lever kanskje i ei tid då alle under tjuefem har ein diagnose og vi vaksne må ha psykologhjelp for å takle omorganiseringar på jobben. Men fjellet, det skal vi faen meg ta

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Om ein skal dømme etter samtalane i går, er det likevel dette som er det verste du kan gløyme: å sjå på klokka når turen startar. Det er lite vits i å komme fram og ikkje vite kor lang tid du har brukt. Då sit du der i undertøyet i peisestua og har ingenting å snakke om

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei ønsker å overbevise oss andre. Og det gjer dei på to måter. Enten ved å fortelje oss at i naturen kan du oppleve noko du ikkje kan oppleve nokon andre plassar. Eller--og dette er veldig mykje rarare- ved å fortelje oss at i naturen kan du oppleve akkurat det same som alle andre plassar. Og det er her fjellfolket begynner å likne litt for mykje på dei som var på kristen sommarleir i ungdommen og prøvde å overbevise alle om at det gjekk minst like vilt for seg der som på Ibiza

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er mulig dette er nok djupt menneskelig. Kanskje er det ein refleks.en det ser altså ut til å vere helt umulig å la seg avbilde på ein fjelltopp utan å strekke armana mot himmelen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg trur eg forstår ganske mykje. Det er mykje eg ikkje liker. Men eg klarer som regel å forstå det om eg godviljen til. Og er i enerom. Men det er tre ting i livet eg verkelig slit med å forstå. Religion. Narkotika. Og friluftsliv. Og desse tre har jo mykje til felles. Dei er litt for prega av eit jag etter eiga tilfredsstilling, litt for lite prega av humor, litt for prega av folk som litt for gjerne snakkar om interessa sine, og viss du ikkje kjenner grensene og veit å stoppe i tide:livsfarleg

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Et klarte faktisk ganske ofte å stå i mot dette voldsomme presset fra Fjellet. Men når det var skuleutflukt, då måtte du. Du kunne bli fritatt frå deler av undervisninga av religiøse grunnar, eller fordi du hadde eit anna morsmål, eller fordi du hadde spesielle utfordringar med tal eller bokstavar. Men på tur måtte du, uansett. Hadde dette vore i dag, ville eg uten tvil tatt denne saka til ein internasjonal domstol, men den gongen tenkte vi rett og slett ikkje på det som ei mulighet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Etter femten minuttar er staven fiksa. Dokumentasjonsansvarlig har tatt jobben som gruppas MacGyver².

² TV-serie frå 80- og 90-talet, med ein hovudperson som kunne fikse alt frå menneske via våpen til tungt maskineri med det han til ein kvar tid hadde for handa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om eg skal like livet i naturen, då må naturen og eg møtast ein plass på midten. Vi må finne eit kompromiss, ein plass der vi liknar litt på kvarandre, der vi har det morsomt saman.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og dette vil eg berre ha sagt til alle som ikkje har prøvd det: Å gå fjelltur i møkkavêr i lett bakrus med ein musikalklassikar på hjernen er faktisk ikkje så verst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

SverreKirsten LundMarenJarmo LarsenPiippokattaRisRosOgKlagingRoger MartinsenBeathe SolbergTove Obrestad WøienalpakkaEmil ChristiansenReadninggirl30Nils PharoEivind  VaksvikEllen E. MartolHallgrim BarlaupEgil StangelandJørgen NIreneleserLailaToveKristine LouiseRufsetufsasveinLabbelineVegardBjørg Marit TinholtSigrid NygaardTheaSolJane Foss HaugenBerit RLeseberta_23Tine SundalSiri Ann GabrielsenKarin BergSynnøve H HoelLeseaaseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKristin71