Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

«Høyr Eir. Dei fleste av dei vala ein får i livet, er så små at dei knapt set merke etter seg. Men der finst blant dei somme som er større. Og sviktar ein der, så blir alt verdilaust, alt det andre ein stod for.»

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kinna på den grove steinhella var samansett av fint tilskorne og nøyaktig samanfatta bordbitar. Stramtsitjande, breie vidjer heldt dei saman. Ein gong for lenge sidan, då vidjene framleis var friske og lukta av søtleg sevje, hadde dei vore splitta på langs og surra i ringar om kinna, og endene deira hadde vore fletta inn i kvarandre, i slike mønster som tradisjonen kravde. Så hadde dei tørka, og som alt anna som har levd og som tørkar og som mistar sitt livsvatn, som sener og skinnreip, slik drog også vidjene seg saman og hardna. Og i dette sitt siste famntak hadde dei knua kinna så hardt at det var som om hennar mange stykke av treverk hadde vakse saman og vorte til eitt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Som sol kan glitra i ein bekk av smeltevatn om våren, slik glitra det i auga hennar, og han såg inn i denne glitringa, og det utrygge var borte i han.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Slik Orri låg her den gongen, flat og daud, slik ligg hella hans no.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I den verda der han hadde levd, og i dei draumane han hadde skapt, hadde framtida lege open for han, og enno hadde han ikkje forstått at draumar kan vera av luft og menneske av fjell.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Og sjeldan, berre svært sjeldan, blir framtida slik menneska trur ho skal bli.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Tonje-Elisabeth StørkersenBjørg RistvedtStig TFriskusenElin SkjerengKristine Louiseingar hIngunn SLailaEivind  VaksvikTrygve JakobsenLisbeth Marie UvaagEmil ChristiansenMarianneNBjørg L.Karin BergSverre HoemBjørg Marit TinholtKaren PatriciaVigdis VoldIreneleserBeathe SolbergKirsten LundMarianneJulie StensethMonica CarlsenHeidi LMonaBLKristineTine SundalGunillaReadninggirl30Grete AastorpPiippokattaKari ElisabethAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. Furberg