Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Inn øyregangane smyg det seg klokkerein kvitring frå eit heilt orkester med fuglar. Ho har lurt på om dei kan kvitra falskt, men får seg ikkje til å tru det – å laga lyd er ein så stor del av det å vera fugl; det ville vore rein vondskap å utstyra dei med falsk stemme og dårleg gehør når dei skal bruka resten av livet på å synga. På den andre sida må jo skalaen for kva som er reint og ikkje, vera laga av menneske, innser ho, så kanskje dei ikkje bryr seg om nokon skala i det heile, fuglane?
Fleire av minna kjem til henne som stillbilete rett som det er; glimt frå ulike tider og ulike stadar blinkar i hovudet. Det er mest ikkje råd å skilja fotografi frå minne, i begge er ho frosen fast, tvinga inn i rammer, ute av stand til å sprenga seg ut.