Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Eg tapte alle mine indre diskusjonar. Lytta meir til innbilte meiningsmotstandarar enn til meg sjølv, deira argument vog alltid tyngst. Andre folk var alltid meir til å stole på enn eg
Kor lenge varar eigentleg ein skandale? tenkte eg. Ikkje altfor lenge no til dags, folk har nok med seg sjølve, og dei gøymer så fort, éin skandale er ikkje nok, det må fyllast på, dei må heile tida ha fersk skam. Dette landet er så lite at ingen tør knuse andre fullstendig, berre litt, for dei veit det like godt kunne vore dei sjølve.
Kor forbausande lett det er å forlate, tenkte eg. Er folk klar over det? Det burde ikkje kome ut.