Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 22 sitater

Alt var uverkeleg, og kjensla av at ho ikkje berre var sett utanfor fylte henne, no var ho også fordømt og forakta, derfor kunne ho ikkje sanse naturens skiftande fargar slik som før. Ho var komen i underverda, der det ikkje fanst fargar og lukter.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men det var likevel eit menneske som hadde draumar om noko anna. Det var mor. Heile livet heldt ho fast på at ho var eit menneske, først og fremst det, ikkje fjøskjerring, ikkje ein griskokk, men eit stolt menneske som var seg sjølv, same kva slags arbeid ho måtte utføre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ho tømmer kaffen i kverna, drar sveiva rundt. Så spring ho ut i bekken som renn like ved, for å hente reint vatn, fyller opp kaffekjelen, tenner i den vesle omnen i selet og kokar seg den siste kaffetåren på lang tid. Kubjellene klemtar utanfor, snart skal ho mjølke, men no vil ho først nyte den eineståande velsigna kaffedråpen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det som ingen lenger finn verdt å nemne, folkeskulens eksamensvitnemål, var det fattige provet for at dei kunne blitt til noko i livet, og dei tok vare på vitnemåla som kostesame klenodium.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ute i verda er det nye klesmotar som ein kan studere når eit dameblad ein sjeldan gong finn vegen fra gard til gard.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ho var slave under sin eigen disiplin. Ho sydde så det dura og strikka så pinnane gneistra, tålte ikkje folk som ikkje gjorde nokon ting, og ikkje folk som klaga over at dei hadde det strevsamt. Ein fekk gå laus på dei næraste oppgåvene, og så fekk ein heller kvile i grava.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

I hans ansikt skulle det ikkje sporast redsle eller tvil.Når dei andre miste hovedet og trua på framtida,måtte han tru for dei andre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Av alle fabrikkar i verda,er det den store,usynlege draumefabrikken som produserer mest, for denne fabrikken når fram til alle vakne ungdomshjernar utan at det kostar eit øre i frakt.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Det som kjærleik har utretta, kan ein ikkje angre på.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Da såg han kor små vanskane hans i grunnen var, jamført med dei veldige stormar som Bibelens kvinner og menn måtte halde ut. Og var det ikkje som om han steig inn i eit landskap, der han var saman med desse menneska, dei var som han sjølv ikkje fullkomne, dei snubla og dei fall, men så vart dei reist opp igjen til ny velsigning! Og da måtte han vona og tru at det same kunne skje han sjølv!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn Christin