Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 22 sitater

Ho gav seg over til kjenslene sine og let seg røre av fuglesongen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei som lever no, har kanskje vondt for å forstå kvifor eit vitnemål om at ein har gjennomgått eit seks vekers husstellkurs hører med blant dei viktige dokumenta i eit menneskeliv. Da ser ein ikkje kor uendelig lang den var, vegen til Kunnskapen, da ser ein ikkje kor sterkt ein treng å hegne om restane av ein draum om å få lære og bli til noko anna.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Predikanten drøymer kanskje om at det skal koma ei ung kvinne og legge seg under tepppet hans også ? Slike tankar kan ikkje sjølv ein Herrens mann halde på avstand.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

"Ingen kan tena to herrar", heiter det i Bibelens ord, og jorda er ein hard herre, nokre gongar verkar ho strengare enn himmelherren

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og kan hende snakka dei om dei reisande predikantane som kom rett som det var, og som dei måtte ha husrom til, både på Olstad gardane og i Nylund. Nokre av dei var glimrande predikantar, andre skulle ein helst sleppe å sjå. Det var han som delte forsamlinga i to, som ein forsmak på den delinga som Vårherre skal gjere på den ytterste dagen: "Dei som sit på første benk, kjem i himmelen", ropte han, "dei som er på bakerste, skal til helvete !"

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Overalt i det vesle landet Noreg sit barna med dei same lesebøkene og dei same reknebøkene. Heilt til dei slepp fram for presten går dei den same vegen, først da er det somme som kjem seg vidare og somme om må bli der dei er.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fanst det eit menneske som hadde sykla fleire landevegskilometer enn far ?. Var det nokon som visste meir om motbakkar og teleløysing ?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Da han åt kveldsmat med vertsfolket, spurde han kvifor den unge kvinna som budde hos dei, var så ulykkeleg, og dei såg på kvarandre og sa det var meir enn ulykke. Ho skulle ha barn med ein tysk soldat som var forsvunnen same hausten.
Jaså?
Ja, slik hang det altså saman.
Da sa han: Men eg kan ta henne, eg!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det var som om han ikkje forstod at verda kan gå eit menneske imot, og at ikkje alle menneske har godt i sinne. Også når einkvan gav han ein nasestyvar, tok han det i beste meining.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bestemor døydde i 1958. Same året fekk bestefar eit hjerneslag, som gjorde at han vart lam i høgre side. Han vart sittande i ein stol på¨kjøkkenet på Hoem i åtte år, og det var mor som stelte han. Hjerneslaga kom på rekke og rad, men først i 1966 døydde han. Mor stelte i åtte år ein invalidisert svigerfar, så han kunne døy heime, slik han ønskte.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Berit B LieAmanda AaserødJulie StensethkaroghAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLene ValdemarsenMartinenToveHeidi LLeseberta_23Kjell PAneGladleserBoktimmyHilde H  HelsethThomas Heie H.Marit HåverstadHallgrim BarlaupEli HagelundGVStregaMarianne MIda SRita KathrineTrine S. AustbøSynnøve H HoelLene AndresenBeate KristinKaren PatriciaBjørn SturødKjetil AudsenLisbeth Kingsrud KvistenStine_JvaskeklutEirik RøkkumAnjaLisa Chatur VestbyJan-Olav SelforshimReidun Svensli