Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 18 av 18 sitater

Nei, no vil eg ha ordet. Høyr her. Eg kjenner deg jo eigentleg ikkje. I dag er femte gongen eg ser deg, medrekna dei to gongene i, kva var det? 1978? Så, alvorleg talt. Det finst sikkert mange mørke, djupt ubehagelege sider ved deg som eg ikkje kjenner til. Du er bitter og inneslutta. Men det er eg og. Og, ja - eg skal ikkje akkurat påstå at eg elskar deg. Og om eg i det heile teke er disponert for å elske, er jo ei anna sak.
Ho så fort ned i glasset, så kikka ho opp på han igjen.
Men eg veit iallfall, kjære deg Georg, at heilt klart føretrekker deg framfor absolutt alle eg kjenner og nokon gang har kjent.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg er rasjonell og illusjonslaus i alt og eitt, trass all litteratur og erfaring, og det er mi største ulukke. Som eg saknar å vera oppslukt av noko.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Mitt fokus har alltid vore på det negative. Ein slik person som når nokon seier: Tenk så utruleg at dette finst! svarer: Tenk på alt som ikkje finst. Om funn etter vikingar, Pompeii, bevarte skrifter, alt me har etter Leonardo Da Vinci, tenker: Tenk på alt som ikke er bevart. Om evolusjonen, når folk seier: Heilt fantastisk at det er blitt slik! svarer: tenk på korleis det kunne ha vore. Akkurat slik er eg.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

På tv viste dei bilete av ei romferje.
-Herregud, skal dei senda opp endå ei no? sa Kjersti.
-Viss det er nokon som verkeleg har meir enn nok med seg sjølv, så er det jorda, sa Georg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Etter tre elevsamtalar der han hadde sagt dei nøyaktig same tinga til kvar einaste person, hadde han no berre éin igjen. Dette er jo først og fremst berre pinleg, tenkte han. Emil kom inn døra og sette seg på stolen overfor Georg. Han var ei forsiktig sjel som presterte heilt på det jamne i alle fag. No sat han og kikka ned i golvet.
- Skal med sjå, sa Georg.
Han hadde ikkje planlagt nioko spesielt å seia og bladde i staden i nokre papir som ikkje hadde med Emil å gjera. Så såg han opp på eleven.
- Ja, kor skal me starta. Du er jo ikkje så veldig aktiv i timane. Kvifor ikkje?
Emil såg ut til å tenka grundig over spørsmålet.
- Det er nok fordi eg ikkje har noko spesielt å seia.
- Ikkje?
- Nei, ikkje noko særleg.
Det blei ein kort pause.
- Det er bra, sa Georg.
Emil såg litt overraska opp.
- Ja, me har jo meir enn nok av dei som ikkje har noko spesialt å seia, men som snakkar likevel, ikkje sant? I klassa?
- Jo, me har jo det, svarte Emil.
- Og då føretrekker eg absolutt deg, som held kjeft i staden.
- Ok, sa Emil.
- Elles ... så synest eg du klarer deg bra, stort sett. Prøv å skriva litt mindre kjedeleg i norskstilane dine, hugs at det er berre å lyga så mykje du vil. For å sitera - nei, gløym det. Jo, for å sitera nokon, men eg hugsar ikkje kven: Løgnen er mer guddommelig enn sannheten. Og hald deg unna diktanalyseoppgåvene på eksamen, det ligg ikkje heilt for deg.
- Ok, svarte Emil.
- Då var sikkert det meste sagt, sa Georg.
Emil sa ok ein siste gong og gjekk ut. Georg sette seg tilbake i stolen. Eg er ein god lærar. Og eit godt menneske, når alt kjem til alt, tenkte han. No ja, dette var to sanningar med modifikasjonar, tenkte han vidare. Så gjekk han tilbake til klassa, sa takk for i dag og vel møtt til siste skuledag i morgon.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har aldri fått ungar, i frykt for at dei ville vore skikkelig teite. Det siste eg vil, er å bli nøydd til å skjemmast over noko eg sjølv har skapt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg ville ha Tom Waits, men fekk Grete Waitz.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

-Bur du åleine der du er no? spurde Marlene då dei kom inn i entreen.

-Ja.

-Det passar du nok til, sa ho.

-Det har absolutt sine sider, sa Georg, - Men det er ikkje berre enkelt, heller. Plutseleg sit ein der og er blitt psykopat, utan at nokon var der til å fanga opp faresignala.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sist sett

LilleviHarald KIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine Sundal