Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 171 til 180 av 190 sitater

Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød; [...].
(5 Mos 8,3)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja ein snublestein i vegen for den som er blind.

(3. Mos 19,14)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Du skal ikkje undertrykkje nesten din eller røva noko frå han.

(3 Mos 19,13)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

'Dra opp til det landet som fløymer med mjølk og honning!'

(2. Mos 33,3)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.» Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!» Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei. Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!» Då Aron såg det, bygde han eit altar framfor kalven og ropa ut: «I morgon er det fest for Herren!» Dagen etter stod folket tidleg opp og ofra brennoffer og bar fram fredsoffer. Dei sette seg ned for å eta og drikka, og så byrja dei å mora seg.

(2 Mos 32,1-6)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du skal ikkje undertrykkja ein innflyttar! De veir korleis det kjennest å vera innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

(2 Mos 23,9)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Men skjer det ein skade, skal du bøta liv for liv, auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot, brannsår for brannsår, flengje for flengje, skramme for skramme.

(2 Mos 21,23-25 - ikkje spesielt godt sagt, men det er nå her desse orda står)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I kveldinga kom det vaktlar og dekte leiren, og om morgonen låg det eit lag med dogg rundt leiren. Då dogga var borte, låg det att eit fint, kornete lag over ørkenen; det var som eit fint rim på jorda. Då israelittane såg det, sa dei til kvarandre: 'Kva er det?' For dei visste ikkje kva det var. Moses sa til dei: 'Det er det brødet HERREN har gjeve dykk å eta.

(2 Mos 16,13-15) - det er her vi har uttrykket "som manna frå himmelen" frå! Spørsmålet "Kva er det?" heiter på hebraisk "Man hu'", så derfor kalla israelittane maten for "manna".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Josef tyder draumane til farao
41To år etter hadde farao ein draum: Sjå, han stod ved Nilen. 2 Opp frå elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til å beita i sivet. 3 Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda. 4 Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.
5 Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået. 6 Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden. 7 Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.
8 Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spåmennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han. 9 Då sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til å tenkja på syndene mine. 10 Ein gong vart farao sint på tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta. 11 I ei og same natt hadde vi kvar vår draum, eg og han, med kvar si tyding. 12 Det var ein ung hebrear saman med oss der, ein slave hos sjefen for livvakta. Vi fortalde han draumane våre, og han gav draumane kvar si tyding. 13 Og slik han tydde dei for oss, slik gjekk det. Farao gav meg stillinga tilbake, men bakarmeisteren hengde han.»
14 Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og henta han ut frå fangeholet. Han barberte seg og skifte klede og gjekk så inn til farao. 15 Farao sa til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen her som kan tyda han. Men eg har høyrt om deg at når du høyrer ein draum, så kan du tyda han.» 16 Josef svara: «Det er ikkje opp til meg, berre Gud kan gje eit svar som er godt for farao.» 17 Så sa farao til Josef: «Sjå, i draumen stod eg ved elvebredda. 18 Frå elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til å beita i sivet. 19 Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20 Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei første sju, dei feite kyrne. 21 Men då dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast på dei; dei var like stygge som før. Då vakna eg. 22 I draumen såg eg òg sju kornaks som voks på eitt strå, fulle og gode. 23 Etter dei skaut det opp sju andre aks, tørre, tynne og svidde av austavinden. 24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne forklara det for meg.»
25 Då sa Josef til farao: «Farao har hatt ein og same draumen. Gud har late farao få vita kva han vil gjera. 26 Dei sju gode kyrne er sju år, og dei sju gode aksa er sju år. Det er ein og same draumen. 27 Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju år. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju år med hungersnaud. 28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera. 29 Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt. 30 Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet. 31 Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard. 32 Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det. 33 No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34 Farao må gripa inn. Han må peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frå Egypt i dei sju åra det er overflod. 35 Dei skal samla all maten frå dei gode åra som kjem, og lagra treskt korn i byane under vakthald frå farao. 36 Maten skal vera forråd for landet i dei sju åra med hungersnaud som kjem over Egypt. Då skal ikkje landet gå til grunne av svolt.»

(1 Mos 41, 1-36)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så anda Isak ut og døydde. Han vart sameina med folket sitt, gammal og mett av dagar.

(1 Mos, 35,29)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

MathiasLailaAnniken LStig TReidun SvensliLilleviMarianneMarteAnniken RøilKirsten LundPiippokattaAvaIngunnJEgil StangelandFindusLeseberta_23Marianne  SkageHarald KGrete AmundsenHilde Merete GjessingJoakimGeir SundetIngunn SRisRosOgKlagingWencheHilde H HelsethKarin  JensenAkima MontgomeryJeanetteVegardGrete AastorpTove Obrestad WøienSigmundAgathe MolvikNora FjelliTonesen81John LarsenCathrine PedersenGodemineKjell F Tislevoll