Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Han var redd for å ta feil, for å gråte over døden til sitt eige indre liv meir enn over hennar død.
Dyret hadde utståande auge og kvitt skum rundt dei digre, krumma tennene. Det var frykteleg å sjå på. Dei bestemte seg for opne døra og gøyme seg bak for så å klatre opp og søke tilflukt på taket. Det var kanskje ein god taktikk, men det får dei aldri vite, for i mellomtida hadde villsvinet låst seg inne ved å kome borti knappen til sentrallåsen.
Det finst ingenting i dei som kunne sjåast på som materie. Dei er som spøkelse, du kan stikke armen gjennom kroppen på dei og du kjenner ikkje anna enn støyande tomheit.
Eg har fotografert hendene dine fordi dei er det einaste som ikkje er øydelagt hos deg.
Eg fortel henne at hjartet mitt er som ei stor, tom veske, ei verkeleg diger veske, den kunne romme ein heil marknadsplass og likevel så er det ingenting der.
Eg liker godt å studere folk. Særlig kvinner. Sjølv den styggaste er det noko med. I det minste lysta til å vere vakker.
Det er ikke så farleg. Vi er ikkje på kino. Ein dag kjem eg til å kverke nokon. Ein mann eller ei kvinne som svarer i telefonen under forestillinga. Og når du les denne smånotisen, så skal du vite at det er meg.
Eg vil gå dit i jeans. Verken meir eller mindre. Den gamle 501-en min, ti år gammel, vellagra, stone washed med sine koparnaglar og den raude etiketten på høgre rompeball, den som har tatt til seg mi form og mi lukt. Vennen min.
Og rompene til serveringsdamene som blir listeførte, nummererte og gjort kjende, betre enn i Michelin-guiden. (Dei kaller den Micheline-guiden.)
Ho har kledd på guten og tatt bilde av ham, for ho veit godt at slik oppdressa, som Vesle Lord Fauntleroy, kjem han ikkje til å vere lenge.