Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 18 av 18 sitater

Det gjer vel ikkje noko om eg held deg i handa, sa ho.
Det er ingen som ser oss no, anna enn Gud. Og han kan umogeleg ha noko imot det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det var ein høstkveld, ein av dei vakre og milde, som han hadde opplevd så mange av, både i Amerika og i Norge, og som alltid drog etter seg eit visst vemod fordi ein kunne nyte det gode vêrlaget, samtidig som det var ugjenkalleleg at sommeren var forbi.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nesje hadde bestemt seg for at denne kvelden skulle han kvile. Det var eit liv, det han hadde bak seg no, og for første gong kjende han at han kunne sjå vidt ikring seg til alle kanter.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eilert sa at gammalt brød var gammalt brød og alltid ville vera det. Derfor skulle ein alltid eta det ferske brødet først, og så kunne ein eta det gamle når det ikkje var noko ferskt ein kunne fortære.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Dei fleste meinte nok at det var best at kvinnene heldt seg borte frå våpena. Det var vel trass alt ulike oppgåver Vårherre hadde tenkt ut for kvinner og menn. Kva var det neste? Skulle karane amme reivungane heretter? Med hårete brystkasser! Gjertine stod midt i flokken. Trudde nokon at ho skaut dårlegare enn Ole?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Heller ikkje rørte dei kvarandre med anna enn ord.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Minna som rulla fram for han i vakenatta da han sørgde over far sin, må vi kalla fram frå det mørkret som ligg rundt vårt liv, men der vi skimtar kvarandre fordi vi er av same slag og går mot same mål.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Med denne store og dyrebare lasta gav dei seg i veg heimover. Da dei såg husa på farmen, sa Gjertine til Ole:
- Takk for at du lèt meg få lov til dette! No skal eg bli som dei andre, vonar eg.
- Nei, for all del, det må du ikkje bli, svarte Ole.
Da lo ho takksamt mot han.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

WenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldRufsetufsaSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorahcathyHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland Skjeggerud