Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 17 sitater

Eg kjende det som eg hadde fått varm vin i hjernen, eg klarte ikkje å gi fast form til det som skjedde: Han, nettopp han, i heimen min. Og det verka som det var eit eller anna som ikkje fungerte i organiseringa av det ytre og det indre. Kva var innbilling, og kva skjedde verkelig, kven var skuggen, og kven var den levande kroppen?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne uvørdne måten menn sår frø på, svimeslåtte av nyting. Dei får det til å spire i oss overmanna av sin eigen orgasme. Dei dukkar opp på innsida av oss og trekker seg tilbake, mens dei etterlét, skjult i kjøttet vårt, spøkelset sitt som ein ting dei har mista.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Er Elena blitt meir vondskapsfull?"
"Nei, ikkje ho."
"Og kvifor ikkje?"
Lila tok på Gennaro ull-lua:
"Vi danna ei pakt då vi var små. Eg er den slemme."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og alltid tok eg med ei bok. Den vanen forsvann ikkje, eg heldt fram med å lese same kvar eg var, sjølv om trongen til å skape ei eiga verd var borte

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei unge heltane som på eigen risiko utsette seg for valden som følgde med reaksjonane, hadde namn som Rudi Dutschke, Daniel Cohn-Bendit, og som i krigsfilmane, der det berre var menn, var det vanskeleg å identifisere seg med dei, ein kunne berre elske dei, tileigne seg tankane deira, ha medkjensle med skjebne deira.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bruno sleppte henne, trekte seg tilbake. Han rørte ved leppa, som blødde, han flirte skamfull, han mumla: Unnskyld, eg trudde at det i alle fall var litt takksemd å hente. Lila skreik: Prøver du å seie at eg må betale et depositum for ikkje å bli oppsagd, er det slik? Han lo igjen, han rista på hovudet: Nei, viss du ikkje vil, så vil du ikkje, punktum, eg har sagt unnskyld, kva anna vil du at eg skal gjere? Men ho var oppskaka, først no begynte ho å kjenne avtrykka etter hendene hans, og ho visste at dei kom til å bli verande der, det der var ikkje ting ein kunne fjerne med såpe.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det høyrest forlokkande ut, men viss det er slik du seier, så kjem desse maskinane til å ta arbeidet frå folk, mykje kunnskap forsvinn, på Fiat er det allereie robotar som gjer sveisearbeidet, vi kjem til å miste enormt mange arbeidsplassar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Naturlegvis var eg nøye med å ikkje seie feil ting, og eg håpa at ikkje ho heller ville gjere det. Eg visste godt, etter så lang tid, at vennskapen vår var mogleg berre viss vi heldt tunga i sjakk. For eksempel kunne eg ikkje vere open og seie at ein mørk del av meg frykta at ho hadde kasta trolldom over meg, at den delen framleis håpa at ho verkeleg var sjuk og døydde.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Ser du? I eventyra gjer ein som ein vil, i det verkelege livet må ein gjere det ein kan."

Lila

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Bli. Det var eit verb som alltid hadde forfølgt meg, men eg merka det for første gong ved det høvet. Eg ville bli endå eg aldri hadde visst kva. Og eg var blitt, det var sikkert, men utan eit objekt, utan ein verkeleg lidenskap, utan ein målretta ambisjon. Eg hadde ønskt å bli noko - sjå det var saka - berre fordi eg frykta at Lila ville bli nokon, og at eg ville bli hengande igjen. Min måte å bli på, var å bli i kjølvatnet hennar. Eg måtte begynne å bli på nytt, men for meg sjølv, utanfor henne.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Harald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsvein