Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 15 sitater

Eg opplevde tilbaketuren til Napoli som om ein defekt paraply lukka seg over hovudet mitt etter eit vindkast.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ho la seg til ein kunstig tone og svarte sarkastisk til alt. Hadde ho eit blåmerke på armen? Stefano hadde kjærteikna henne for lidenskapeleg. Hadde ho auge raude av gråt? Det var gledestårer, ikkje sorg. Burde ho vere meir forsiktig med Michele som likte å gjere folk vondt? Sa ho: Rører han meg, brenner han seg. Det er eg som gjer folk vondt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heldt eg kjenslene mine nede fordi eg ønskte, inni meg, ting, personar, ros, triumfar med ein slik kraftig villskap at det skremde meg?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ord. Med dei kan ein gjere som ein lystrar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein gong eg hadde stilt eit spørsmål, eg veit ikkje om kva, svarte ei jente frå Roma med å parodiere tonefallet mitt, og alle lo. Eg blei såra, men reagerte med også å le og overdrive det dialektale tonefallet som om eg muntert gjorde narr av meg sjølv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No ville eg grave fram alt det eg var, frå meg sjølv aleine. Eg var snart nitten år, eg skulle aldri lenger vere avhengig av andre og aldri kjenne sakn etter nokon meir.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kor fort folk endra seg, interessene deira, kjenslene deira. Velformulerte setningar erstatta med velformulerte setningar, tida er ein flyt av ord som tilsynelatande heng saman, jo fleire du har, desto fleire kan du dynge på.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvar dag sa eg til meg sjølv : Eg er den eg er, og kan ikkje anna enn å akseptere det, eg er fødd slik, i denne byen, med denne dialekten, utan pengar, eg gir det eg kan gi, eg tar det eg kan ta, eg held ut det eg må halde ut.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kva var det som skjedde då eg fekk deg? Ei ulykke, eit hikk, ei krampetrekking, gjekk lyset, var det ei lyspære som sprakk, datt vasskaret ned frå kommoden? Ganske sikkert må det ha vore noko, du som er fødd så umogleg, så annleis enn dei andre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mennene blir ein glad i litt etter litt, uavhengig av om dei stemmer eller ikkje stemmer overeins med det ein i dei ulike fasane av livet har som modell på ein god mann.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

FarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieAlice NordliStig TNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland Skjeggerud