Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 27 sitater

... slik at du skulle få fred til å skrive på ein jævla roman som det aldri kom til å bli noko av, i alle fall ikkje så lenge du drakk så mykje som du gjorde.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg løftar det eine augebrynet litt opp på panna, og prøver å sjå konsentrert ut, stirar ned i boka og er liksom opptatt med å lese, men Eilert tar ikke signalet denne gongen heller, eg hører korleis han kremtar og reinskar halsen, korleis han førebur seg på å seie noko igjen, han er av den typen som rett og slett ikkje kan fatte at nokon kan velje å lese framfor å snakke, og han trur nok at han gjer meg ei teneste kvar bidige gong han forstyrrar meg, han trur eg les fordi eg kjeder meg og ikkje har noko anna å gjere, og så skal han liksom redde meg ved å vere sosial, han sitt der og snakkar om stort og smått frå sitt eiga liv,...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

... og eg hører kva han seier, og enda ein gong slår det meg kor godt han får alt i hop til å stemme, kor sant alt dette verkar, det verkar meir sant enn det som er sant.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Når du ein gong kyssar kona di og er god mot henne, så liker eg å sjå det som eit ekko for da eg kyssa mamma og var god mota henne, og når du ein gong breier dyna over det som er barna dine og kysser dei forsiktig på kinnet, så liker eg å sjå det som ekko frå dei kjærteikna eg og mamma gav deg den gongen du var liten og skulle legge deg. Det er slik eg håpar å leve vidare på denne jorda, gjennom kjærteikna eg gav til deg og andre, alt anna som måtte vere igjen av meg, bryr eg meg ikkje om.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ho stod ikkje ut med å sitte i timevis å brodere på det som skulle bli premie til neste basar, mens ho drakk kaffi, åt vaflar med brunost og hørte på tjue og tretti år eldre kvinner som lo seg skakke og syntest dei var frekke når dei nemnte ordet "fis", som ho sa,

Godt sagt! (1) Varsle Svar

alle dyr som skal til slakting, aner at noko forferdeleg skal skje, men likevel skal det ikkje meir enn ein liten sukkerbit til før dei roar seg og går inn i slaktarbilen, ein sukkerbit, og så oppfører dei seg som om det er sommarbeite dei skal ut på. Og at dei som står for utsmykking og den slags her oppe, behandlar meg på nesten same måte, det irriterer meg, kjenner eg, det gjer meg enda meir uroleg enn eg var i utgangspunktet, for når eg blir møtt med slike altfor tydelige forsøk på å opptre roleg og beherska, så er det jo berre eit uttrykk for at vi som har hamna her oppe, verkeleg har grunn til å vere redde og urolege.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Halsen på kontrabassen stakk opp gjennom det tynne og svakt duvande sløret av tobakksrøyk, omtrent som ein spiss fjelltopp stikk opp gjennom morgondisen, og mens fingrane til Jon lunta som tunge bjørnelabbar over strengane, satt gjestane til mamma og lytta, brisne på raudvin og med øre som folda seg rundt tonane og tok vare på dei, slik muslingar lukkar seg rundt og tar vare på perlene sine.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kloke, gode bestemor. Av ein eller annan grunn såg eg alltid for meg ein liten stubbe når eg tenkte på henne, og da eg fortalde deg det, sa du at du skjønte akkurat kva eg meinte, berre for å legge til at "ein kan ha tillit til stubben". Eg hugsar at eg syntest det var snodig, men vakkert sagt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

...i ettertid har eg fleire gongar tatt meg i å tenke på det som håplaust sentimentalt, men eg tok faktisk vare på puta ho hadde drømt drømmane sine på. Kvar einaste natt i ett, kanskje to år etter at ho døydde, sov eg på hovudputa hennar, og håpa det skulle hjelpe meg til å møte henne i drømme.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg kjenner ei glede velte gjennom meg når eg tenker tilbake på scenar som dette, det er i dei stille glørne det er varmast, David, ikke i dei ville flammane, og slik er det med lykka også, ho er å finne i kvardagen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Pernille GrimelandMarit HøvdeMona AarebrotHilde Merete GjessingRisRosOgKlagingCatrine Olsen ArnesenMads Leonard HolvikEivind  VaksvikTheaKirsten LundEvaLinda NyrudHarald KSverreOlemarithcDemeterLinningar hRufsetufsaDolly DuckFriskusenSolReadninggirl30Tine SundalHilde H HelsethJørgen NTom-Erik FallaKikkan HaugenAgathe MolvikRune U. FurbergPi_MesonIna Elisabeth Bøgh VigreJohn LarsenStig TMorten MüllerKaren RamsvikLailaTorill RevheimHeidi Nicoline Ertnæs