Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 21 sitater

Ta ein nordmann og gå tur med han. Det er det einaste som trengst for at han eller ho skal bli glad og fornøgd.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Den 30. november gjekk Den raude hæren over grensa til Finland på ein front som strekte seg frå Viborg på det Karelske neset i sør til Ishavet i nord. Ifølge konsul Beutler hadde nordmennene då 35 menige infanteristar i Aust-Finnmark, eit område om lag så stort som halve Danmark.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kva slags rettstatlege middel råder demokratia over for å hindra at rettstaten blir styrta, utan at rettsstaten gjer seg sjølv rettslaus? Når må retten ty til urett for å verna ein større rett? Når har retten rett? Når er retten urett? Når er uretten rett?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Øh, det betyr at det vesle vi sjølve har , det er stort, og at det vesle til dei andre er lite.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men spørsmålet er jo alltid korleis den herskande klassen skal kunna absorbera forventingane i folket, og knyta dei til foretningsinteressene og formuesforvaltninga til eliten, i ein politisk strategi som styrar det borgarlege samfunnet og dei vestlege verdiane både heime og ute.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når massen blir fora med velstand, går den gjerne over lik. Derfor trengst det alltid ein elite som kan halde masserørslene i sjakk og hindra krefter frå folkedjupet går amok og fortærer oss alle.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jobben til avisfolk er å underslå sanninga, forvrenga, og øydeleggja den slik at den passar pengemakta. Slik er det. Dei er penneknektar for sine rike herrar, og slik vil det alltid vera.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Gud slår terning, vi slår ein vits. Det er det som er vitsen. Det er torturistar som krev at du seier sanninga.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det finst berre falske ideologiar. Dei sanne er ikkje ideologiar, men naturlovar, slik som deiøkonomiske, som styrer marknaden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Musikken frå vaktrommet blei verre og verre. Frå radioen lydde ein smørtenor som song ein Rudi Schuricke-låt med jammerleg tysk uttale. Paul spissa øyrene og gjekk heilt bort til arrestanten. Eg såg det på han, han var usikker, eg ante uråd.
“Jawohl?”
“Sanninga er at det ikkje var Reidar Kvammen. Det var ikkje Reidar Kvammen frå Viking, Stavanger som scora vinnarmålet mot Tyskland i -36. Det var Magnar Isaksen frå Lyn, Oslo. Goebbels la personleg ned forbod mot å nemna det. Det skulle ikkje stå på trykk i tyske aviser at ein spelar med jødisk namn hadde senka det tyske landslaget. Det var derfor Kvammen fekk scoringa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

TheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtLailaPiippokattaNina M. Haugan FinnsonLilleviStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenKirsten LundTine VictoriaAnn EkerhovdNinaRisRosOgKlagingNorahTove Obrestad Wøieningar hReadninggirl30Jørgen NBokToreTor-Arne JensenPirelliLise MuntheMarenLeseaaseRavnG LMarit HåverstadKjell F TislevollIngeborgMorten BolstadChristinaGrete AastorpThomas KihlmanAliceInsaneVibekemgeBerit R