Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 16 av 16 sitater

så blir
ho mi

så er
ho mi

Godt sagt! (2) Varsle Svar

men så
kjem mor mi

mørke moder
mold, med
børa si

stakken luktar
sveitte og sorg

gå, jente , seier
ho, ser ikkje
på meg

Godt sagt! (2) Varsle Svar

seselja, ja
ho var her
så var ho
ikkje her

det er
sånn det er
det er sånn det
blir, seier
besten

Godt sagt! (3) Varsle Svar

sengeleie på
ubestemt tid

møter beskjeden
med ei liste over
reglar: bruke eigne
klede, ikkje liggje under
dyna på dagtid, ikkje sove på
dagtid, biola til kvart brødmåltid
halde orden i skåp og på nattbord
lage liste med planar for kvar dag
lese kvar dag, skrive kvar dag, seie
ja til alle besøk, aldri dra i snora
(om ikkje heilt nødvendig) og
ikkje tenkje på når eg kjem
til å sjå seseljas hus igjen

innan veka
er omme, er
alle reglar
brotne

Godt sagt! (3) Varsle Svar

1965

tenk at du
aldri gifta deg
seier vetle-sjur, sit
ved vindauget, lang
og fin, kopp i hand
bein i kross, han
som kallar meg
sessa-besta

må ha vore
mange som
ville ha deg
seier han
gode guten
gode sjuren

trur du
er galen
seier eg

ingen vil då
ha ei kone med
pukkelrygg, å den
sjuka, sparte meg
men kravde
sitt

har heller
aldri ynskt
meg nokon
mann, berre
bal med dykk
seier eg

men var ein
slags friar
uti garden
ein gong

han simon
frå plassen

han sat der
du sit no
sat nett
slik du
sit no

same koppen
same stolen

sat ein heil
sundag her
og snakka

ei ven røyst
hadde han, ja
ein ven mann
var han

men ikkje
bra nok åt ho
mor lilla hau hau
ikkje bra nok åt
moder mold

eigde ikkje
nåla i veggen
veit du

så kom der
ikkje fleire

det er
sånn det er
det er sånn
det blir

Godt sagt! (2) Varsle Svar

og medan
regnet fyller
bygda og båten
og vatnet og
fjella og oss

held vi stengt
tel vi opp: så mykje
hadde vi, så mykje
har vi, så mykje
får vi

her er kje
synder eller sorg
her er kje gråt og
tåre, her er vi så
reine og fine, så
fulle i herlegdom
og æra

eg vrengjer
den målingflekka
huda over hovudet
hiv henne i det
høge graset

og himmelen
er ei myr
eit
tjern
utan
botn

ei
kvinne
som syr
gulletrådar
i huda
mi

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Amanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvaBeathe SolbergmgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteThea