Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

Det var ein varm og myggfull kveld, men eg merka at hausten låg bakom alt anna og spionerte og venta på at det skulle bli hans tur. Og det var mindre enn tre veker til skulen begynte att.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg fekk brått ei kjensle at vi tok farvel med alle saman, at nokon hadde stilt dei opp for at vi skulle få eit siste minne om dei, for at vi ikkje skulle gløyme dei, og det var som alle saman stivna og blei til eit stort bilde, og det høyrdest ein trist musikk bak alt saman.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og neste gong eg er i nød, skal eg iallfall ikkje nøle med å vende meg til Gud. Han har sanneleg meg uransakelege vegar, ja. Og på nokre av dei skjer det stygge trafikkulukker.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

-- Var det stor båt, Olaien? sa eg.
-- 10 000-tonnar, sa Olaien. - Vi frakta bananar eller kva i helvete det no var. I bakgrunnen ser du hamna i La Paz.
Eg tenkte meg om.
-- La Paz ligg vel ikkje ved sjøen? sa eg. Var det noko eg var ekspert på, så var det landkunne.
-- Det gjorde det den gongen, sa Olaien. - Seinare flytta dei heile byen. Det hadde noko med eigedomsskatt å gjere.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har alltid likt forord i bøker. Ikkje lange forord, men passeleg korte. Forord som seier det som skal seiast og ikkje meir. Det gir ofte ein ekstra piff til boka, set lesaren i godt lune før ho begynner på sjølve teksten, tenkjer at her har forfattaren ytt litt ekstra, vist at det er ein godviljens kvinne eller mann ein har med å gjere.
Derfor har eg hatt med eit lite forord i nokre av dei tidlegare bøkene mine og har ikkje angra på det eit sekund. Lesarane har utan unntak fortalt meg etterpå at dette var noko dei sette pris på. Ein liten gest som viser at eg tenkjer på dei, overflødig kanskje, men likevel med ei slags nødvendigheit i seg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

– Det var kvalitet på bedehuskjelane før i tida, sa Nikolaisen. – No er det jo berre noko rask. Fy faen for noko rask det er! Han såg fort bort på Judith.
– Beklagar, sa han. – Eg gløymer at du er med i ei sekt.
– Det er ikkje så farleg, sa Judith. – Det er du som kjem til helvete, og ikkje eg.
Olaien nikka. – Der sa du eit sanningsord, unge dame. No skal det bli kaffi, ja frå ein kristeleg kjel. Kok opp, du kristenkjel!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg såg henne på lang avstand, ho kom imot meg, og eg hadde ikkje venta det. Det var ikkje derfor eg gjekk der. og ingen stad eg kunne smette inn og late som eg ikkje hadde sett henne. Vi kom til å møtast, og eg måtte seie noko. Faen, sa eg. Men berre til meg sjølv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

JBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingPiippokattamarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima Montgomery