Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 17 av 17 sitater

VENT

Kjære, idag er eg
kledd i svart

frå skjorte til hjarta
frå hjarta til auga

Vent på meg
ved min snurpa munn

Vent på meg
bak mi svarte skulder

Eg skal bare gå vegen
frå min barndom

og
hit

Godt sagt! (2) Varsle Svar

EG VIL KOMA INN TIL DEG

Eg vil koma inn til deg
medan du søv
Kjenne angen
den sovande kroppen utstråler
og med eit ord
mildt som ein morgonhimmel
varsamt løfte deg
ut av søvnen

Godt sagt! (3) Varsle Svar

ETTER Å HA TALA LÅGT SAMAN
HEILE NATTA

Heimover tidleg
ein morgon

Skodde over markene

Lutande svarte kyr

Varm svulming
i bringa

Godt sagt! (2) Varsle Svar

AV OG TIL ER DET VANSKELEG

Av og til er det vanskeleg
å seia det
som bør seiast
for at det
ikkje skal verta vanskelegare
seinare

Men det må til

Godt sagt! (5) Varsle Svar

EG HAR NOKO

Eg har noko eg bare har
når eg gjev det bort:
Kjærteikn

Godt sagt! (5) Varsle Svar

ME LEGG TO OG TO SAMAN

Klokka er halv åtte
Vinterkveld Desember
Yr over snøen ute
Våre liv rotar seg til
og strakar seg ut
Dagar og netter driv
over vakne og lukka auge
Det ligg menneskekroppar
nede i jorda kring oss
Det heile er naturleg
Me legg to og to saman
og får barn
Me trekkjer ein og ein ifrå
og får kyrkjegardar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

OM NOKO VED SAMVÆRET
EG ALDRI HEILT FÅR TAK I

I denne kjellaren gror ingen blomar.
Inne i mørkret: alle bøkene.
Me et maten vår utan å sjå på kvarandre.
Har eg gråte her? Høyrde du det?
Og utanfor fell vårregnet, sollyset, tørt lauv.
Snø.

Mange krigars blod
har runne over våre kroppsheite netter.
Alltid står ein einsleg soldat på vakt.
Einsam einstad, alltid.
Eg stryk deg over mjuk hud.
Han pussar geværet.

Når me krigar tilkallar du stilla
som ditt strategiske våpen.
Eg kjempar med høgare og høgare røyst.
Kanskje går eg lenge ute.
Regnet er så hjelpelaust mellom blokkene
i byen.

Våre små munnar opnar og lukkar seg.
Om mat om ord om hud.
Kanonmunningane ventar
alltid opne ein stad i verda vår.
Me er begge redde
og kan liggja stille i mørkret
lenge og tett inntil kvarandre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SNorahSolHeidi HoltanEivind  VaksvikKirsten LundWencheTerje MathisenBookiacLars Johann MiljeritaolineHanneVigdisPer LundWilliam BillisonBjørn SturødINA TORNESLinda NyrudSivHarald KJarmo LarsenTor Arne DahlVannflaskeNicolai Alexander StyveCarine OlsrødDagfinn JakobsenMarianne  SkageAlice NordliGro-Anita RoenIngeborgChristofferHilde Merete GjessingIngunnAnne-Stine Ruud HusevågIngunnJDiddiHanne Kvernmo RyeIngeborg GCecilie EllefsenTone H