Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 17 sitater

HANDA

Du legge handa di
inn i mi.

Verda tek ein pause.

"

Godt sagt! (10) Varsle Svar

BARE Å GÅ

Og kjem attende over den grøne åsen
Eg er glad som eit nybakt brød

Eg held armane litt ut frå koppen
fordi eg vil favna den lysande dagen

I denne augeblinken finst eg i tida
og stien kjærteiknar fotsolane mine

Her er det bare å gå
Her er det ingenting å seia

Ein heil dags kropp full av lys
Å vera i steg under himmelen ved elva

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Me held kvardag saman

Me kjenner til ting
som bare kan omtalast
med smil

eller plutselig sinne

me slår følgje
attende til natta

Godt sagt! (6) Varsle Svar

ARM I ARM

Ennå med lammefeitt
på leppene
og ange av rosmarin i rommet

går dei til ro i reiret sitt
Vinden syng
arm i arm med natta

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dagane vert tynne som dryppande honning
Eg lengtar etter deg
Lengtar etter
å halde kring mi einsemd

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Me rota lenge
i høystakken
før me fann nåla

Du stakk

Godt sagt! (5) Varsle Svar

DET ENDRAR SEG

Me elska kvarandre og vevde våre framtider saman
til eit teppe med mjuke fargar og nokre stygge hakk
Kva skal eg gjera med kjenslene som ingen vil ha?
Eg hamnar så lett ved bord der alt renn ut i snakk

Me er så sprøe framleis Sjølv om mange år har gått
Me har noko som ikkje vil gje seg Som ein sterk motor
Det som var våre rollar ei viktig og langvarig stund:
For meg å vera ein samtaleterapeut For henne å vera mor

Det har endra seg og vorte mindre sentralt for oss
Nå leiter me etter eit mønster der me har plass begge to
Å stå på eigne bein og samstundes vera i hop
Eg sa at me får vel sjå om me ikkje bare kan leva Ho lo

Godt sagt! (3) Varsle Svar

HANDA

Du legg handa di
inn i mi.

Verda tek ein pause.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

FØR SNØKLOKKENE

Ein morgon før
snøklokkene har vakna
står eg naken
inne i huset
inne i kleda
og ser lyset lista seg
fram over markene
Mozartsvingar over snø
og rosemåla jordflekkar
Eg lyftar handa
rettar armen ut
og lèt fingeren føra
lyset inn

Godt sagt! (5) Varsle Svar

KVIT VIN I HØGE GLAS

Kvit vin i høge glas
Det er kveld og me sit ved bordet
Eg merkar ei stille
når me snakkar saman

Det er sommarkvelden i våre liv
Me kan bli galne av smerte
av at tida går
Men me sit roleg i smaken av god vin

Eg lengtar etter leppene dine
i staden for dei salte
pistasjenøtene
Eg er galen av kjærleik

og har lyst til å springa rundt
heile stova ein meter oppe på veggen
kasta meg inn under bordet
og skriva kjærleiksdikt

på undersida av bordflata
med svarte bokstavar
Eg har lyst til å kvila hovudet
i fanget ditt

og kjærteikna
den mjuke baken din
til fuglane byrjar syngja
Eg vil kviskra

serbo-kroatiske kjærleikssongar
og kyssa nakken din
når den mjuke morgonen stig
Men det er ein roleg kveld

etter ein lang slitsam dag
Eg sit her med vinglaset
ser på deg, sukkar
Du spør:

Kva er det?
Og eg,
dumskolten,
svarar: Ingenting.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

TuridmajaBente L.RufsetufsamgeTor Arne MyklebustSilje-Vera Wiik ValeRolf IngemundsenTherese HolmMarianneNsveinTheresesiljehusmorTor Arne DahlKirsten LundCecilie69Ingunn SNtotheaCathrine PedersenWenche VargasAkima MontgomeryBjørg Marit TinholtReidun SvensliAnn ChristinBente NogvaIngunnJChristofferJohn LarsenEster SSynnøve H HoelGrete AastorpChristin SillibakkenMalinTheaG LNikkaDaffy EnglundBerit RSigrid Blytt TøsdalPiippokattaMarie Holter