Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Nokre blir eldre med åra, andre yngre med alderen.
Dei amerikanske sambandsstatane hadde aldri hatt eit eige kulturdepartement, derfor var det andre instansar som måtte opptre som bevilgande myndighet. Under den kalde krigen var det etterretningsorganisasjonen CIA som tok på seg denne ansvarsfulle oppgåva…
På mange kunne det likevel virke avskrekkande om det viste seg at kulturpengane kom direkte frå etterretningstenesta. Til all lykke fanst det ulike veldedige fond, som kunne støtte kulturkongressar og europabevegelsar med milde gaver. The Fairfield Foundation. The Hoblitzelle Foundation. The Ford Foundation. The Whitney Trust. The Littaer Foundation. The Miami Trust Fund.
Før han sovna låg Don Conrado på rygg med oppspilte augo og stirra opp i taket over senga, følgde linjene i urskogstapetet på veggene, og tenkte at det stemmer jo, det der, at vi stammar frå apene, i alle fall liknar vi på apekattar ennå, jo høgare vi klatrar, jo mer av ræva viser vi fram.
Det kan du skrive opp. Og la til at du skriv opp det du vil hugse. Når det er noko du vil gløyma, skriv du det ned.
"Spion" og "agent" er like umulige og useriøse ord som til dømes mafia, CIA, KGB, totalitær. På engelsk blir denne typen verksemd kalla "Intelligence", sjølv om det ofte er uttrykk for det stikk motsette: "Stupidity", dumskap.
Ho såg ut som ho sto aleine i open sjø og sløya fisk ute i rom sjø. Den journalistiske måkeflokken hang framleis over henne. Dei måtte ha, dei skreik og bar seg, flaksa med vengene, klar til å stupa ned og sluka det rått, når ho heiv blodige innvollar og fiskeslo i havet.
Som kulturelitar flest trudde dei at viss det er keisamt, må det vera sant. Det som er moro må vera løgn. Det er ikkje sant.
Dikt og sanning er eitt og uskiljeleg, om dei så går kvar sin veg, dikt og sanning er uskiljeleg. På sikt, og alltid på likt, blir diktet sanning, og sanninga eit dikt.
Etter artium tok Conrad I. Tandem fatt på det som eufemistisk blir kalla merkantil utdanning i Sveits og Tyskland, hospiterte hos meklarar og dispasjørar i hamnebyar frå Hull og Terneuzen ved nordsjøbassenget til meir eksotiske hamner i Portugal og Spania. Mykje moro, rike år, flyktige affærer, knuste kvinnehjarte. Conrad Tandem hadde draget, men den som har draget har alltid noko å drita på, slik den misunnelege kompanjong Møring uttrykte det.