Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 13 sitater

Vi kommuniserer,
men vi snakkar ikkje.
Eg har gått ned
ti kilo på tretten dagar
og enda forstår dei meg ikkje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kvifor er du så sint?
(Frukost: Ein halv tomat, ein halv agruk. Ein kopp te)

Trur du folk liker deg når du er slik?
(Lunsj: Eit eple eg ikkje et)

Kvifor er du så lei deg?
(Middag: Ingenting)

Du seier ingenting, nokon gong. Du må snakke, vi må
snakke om ting. No skal vi snakke.
(Trappeløp til eg ikkje klarer å puste)

Vi er glade i deg, det veit du. God natt.
(Eitt brød. Ein boks med smør. Midagsrestar ete
med fingrane. Kjeks og sjokolade. Ost, juice, mjølk,
veit ikkje kor mykje, eg er ute av teljinga. Ein liter
lunka vatn og

tomheita etterpå.
Dette er ein kropp, eit ufortent svar)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg hadde ikkje tolt det
om du tenkte på andre, seier du.
Du ligg ved sida av meg i senga og
verkar så langt vekke. Vi er som barn
i dette rommet, vi vil
ha eit svar, eit som held.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nokre dagar når vi vaknar,
er vi ein ven som klarer.
Vi glir saman
568 kilometer frå kvarandre.

Andre dagar vaknar vi
med eit vondt
vi ikkje veit kor kjem ifrå.
Ingen av oss seier det,
har berre dårleg samvit for
det dårlege samvitet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Frykta for å opphøyre, det eg såg
i forbifarten
får meg til å dokumentere
skrive ned, fotografere, skissere
stå framfor spegelen

leite etter
det i meg
som er tapt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Utan å seie noko
begynner eg å pakke
tinga dine. Du ser på meg
frå senga: Eg kan tenkje eg er vakker,
no som eg er ingens.

Du spør ikkje.
Vi er bestandig så like, eg og du.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei rivne i andletet
ditt, eg veit ho er der
utan å sjå.
Vi sit i bilen, stive.

vi veit at
snart skal eg opne døra og gå
opp og ned fire etasjar
med øskjene eg pakka medan du
lét som du ikkje såg.
Snart skal eg fylle bilen med
restane av ho som elska

Det er umogleg
å vere oss: Eg går
i denne trappa for siste gong, står
på det nedre trinnet og er
ei du ikkje veit kven er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legen ser ikkje på meg da han seier
at det ikkje er meir han kan
gjere, han kan ikkje hjelpe meg.
I posten sender han ei tilvising
til ein psykologspesialist,

einsemda har slått ut
på alle blodprøvane,
det finst ikkje håp.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Planlegg, tenkjer ustanseleg på
reisene eg skal ta, landa eg skal bu i:
Språka eg skal snakke, personane
eg skal bli, liva
eg skal leve.

Stoppar opp ved alle speglar og flater,
eg må vite om
eg framleis eksisterer.
er eg ein person, eit
menneske.

Eg sjekkar om igjen og om igjen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er natt, nesten morgon,
dette er i ei rekkje av mange
der eg flyttar ut
av soverommet. Eg er på innsida av

sjukdommen. Menneska i byen
er stengde, ville eg kjenne nokon.
Eg går sjeldnare ut, det er berre eg
som merkar at eg rotnar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

IreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergKirsten LundLilleviWenche VargasJulie StensethBjørg L.Anne-Stine Ruud HusevågPiippokattaAvaToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneRisRosOgKlagingHilde H HelsethEmil ChristiansenTraltemay britt FagertveitMarteLyriaIngunn SEllen E. MartolToneTanteMamieAmanda A