Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
......Og det kjem for meg at kanskje gjorde ho noko med det, kan hende skaffa ho seg ei tong, den vinteren i Christiania. Det var då ho hadde sjansen til det, og kanskje heldt ho denne tongen løynt for all verda og brukte den berre ein gong eller to, i den ytterste naud, og tvinga mødrene som opplevde det til å teia. For i hennar tid var det strengt forbode for andre enn legar å bruke tong.
Men finst der ei lov som er høgare enn å berge livet til ei fødande kvinne?
Og det kom folk til møtest med dei, med merkelege oppakningar og enda merkelegare oppsyn, vandrande handverkarar som kom for å finne vintergeskjeft på gardane i Romsdalen, snikkarar og tønnemakarar og folk som kunne ro ein båt, og dei helste og gjekk til side: "Guds fred, Guds fred! Kva er det som ventar oss lenger framme? "Vegen blir brattare", sa dei da, men så blir også lufta lettare! "
Han var ein drøymar, han Hans, men han forma draumane med hendene sine, og slik kunne dei bli sanne ein gong.
Og da skreik ho hjarte ut av seg. For ho ikkje hadde late han komme nær seg. Ho var ikkje riktig laga, det skjønte ho no. Det var noko i henne som har gått i vranglås ennå ho ikkje ville ha nokon annan enn Hans. Ho forstod ikkje sjølv kvifor ho var som ho var. Og kva skulle skje med han no? Det gjekk akkurat slik som ho hadde frykta. Da det gjekk mot jul fekk ho vere at han hadde verva seg for tre år, og det var ikkje sikkert han ville kome heim igjen før den tida var ferdig. Da kom ho på det som ikkje hadde falle henne inn i alle dei år. Ho var ikkje bra nok for Hans Nesje. Ho kjente sorga drive inn over seg, og ho var sint på seg sjølv fordi ho ikkje visste korleis verda var. Det var den ansvarslause far hennar som hadde fått henne til å tru at vi alle er like gode sidan vi alle er like for Gud.
Eg kan vel ikkje for at eg er som eg er, sa Stina.