Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
I går saman med Alex var annleis, så ny. Ho likte å vera det. Likte å vera ny for nokon, utan historie. Minne om ting ho har gjort eller sagt, som kan bli slengt i henne når ho minst anar det. Korleis kan ho vera ny med Tom Ove, ny mot Jenny?
Ho er berre glad til at han skal gå, ho vil vera i fred. Dessutan hatar ho når han er sånn som no, snakker til henne som om han er den fornuftige vaksne og ho eit barn som har gjort noko gale.
Berre ingen kjem no, berre ingen ser dei. Her i traktene er det nok at eit piggsvin får auge på dei, for at alt skal vera på bygda neste dag.
Åleine på trappa igjen, men denne gongen er ho berre glad til. Ho er full. Miksmaster i hjernen.
Viss ho begynner å grina no, vil dei falske vippene detta av. Og då vil alle sjå korleis ho har det på innsida. Ho vil ikkje det. Ho vil ha innsida si i fred.