Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 18 av 18 sitater

Det er krise for fleire viss eg fekk meg eit liv, kven skal då vera den som har det verre enn dei?

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det er mitt ansvar når folk ikkje veit kva dei skal seia, når maten er forseinka, eller toget, eller bussen, eller når filmen ikkje var kjekk likevel, eller maten, når ting ikkje innfrir, når det går i stå. Det er mitt ansvar å bøta på det.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Karsten er påteken alminneleg. Han er forviten som ei heimeverande kjerring som nett har begynt som fersk legesekretær hos kommunelegen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det må då vera nokon i verda som framleis berre har lyst til å liggja med kjærasten.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Karsten har snakka om det. Om kroppen sin verdigheit, at ein vil skjula seg for blikket frå andre. Karsten burde tenkja litt på det sjølv òg, burde ikkje gå rundt i sykkelshorts såpass ofte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
  • Mange blir ulukkelege av romantiske komediar, seier eg. - Det blir halde fram eit bilde av kjærleiken som er så perfekt at folk berre får lyst til å hoppe frå ei bru.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur ikkje det er mogleg for ei kvinne å innfri dei forventningane eg har til å elska. Og sjølv om eg prøver å vera realistisk på kor bra det eigentleg kan vera, å liggja med nokon, så er eg likevel forventningar som sannsynlegvis er heilt Himalaya. Berre å kunna sova med ei kvinne éi einaste natt ville løyst meg opp i lukke, då kunne eg berre ha døydd, forsvunne, bli løyst opp slik lik bklir løyste opp i syre av mafiaen. Men eg er vel redd kvinner. Dei er så sterke.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ho kunne med godt samvit ha reist på venninnetur fleire helgar på rad. Om det var det ho ville. Eg er ikke nødvendigvis så spanande å vera saman med, så ho ville nok hatt behov for å lufta seg.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

LogikaPiippokattaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi BHilde VrangsagenBeathe SolbergAnn ChristinSilje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenKirsten LundFindusHanne Cathrine AasMonica CarlsenHarald KSynnøve H HoelSiriStig TLars Johann MiljeHildaDaffy EnglundmgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MChristofer GabrielsenTanteMamieAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusen