Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Frå landsbyen min ser eg alt som ein frå jorda kan sjå av universet ...
Difor er landsbyen min like stor som kva som helst slags land,
fordi eg er på storleik med det eg ser
og ikkje på storleik med mi eiga høgd ...

I byane er livet mindre
enn her i huset mitt oppe på åsen.
I byen stengjer dei store husa utsikta ute,
skuggar for horisonten, skuvar blikket vårt langt vekk frå himmelen,
gjer oss små ved å ta vekk det auga kan gi oss,
og gjer oss fattige fordi den einaste rikdommen vår er å sjå.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Å RYDDE i materien,
å setje tilbake på plass alle tinga menneska kasta omkring seg,
fordi dei ikkje skjønte kva dei var til,
å rette på, som ei god husfrue i realiteten sitt hus,
gardinene i sansinga sine vindauge
og mattene framfor forståinga sine dører,
feie observasjonen sitt rom
og tørke støvet av dei enkle ideane ...
Det er livet mitt, vers for vers.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Markene er, når alt kjem til alt, ikkje så grøne for dei som er elska,
som for dei som ikkje er det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ingenting kjem tilbake, ingenting gjentek seg, for alt er verkeleg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg prøver å seie kva eg føler
utan å tenkje på kva eg føler.
Eg prøver å lene orda inntil ideen
og ikkje trenge nokon veg
av tankar bort til orda.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Om eg av og til seier at blomtrane smiler,
og om eg skulle seie at elvane syng,
er det ikkje fordi eg meiner det er smil i blomtrane
og song i elvestraumen ...

Det er fordi eg på den måten kan få dei falske menneska
til å føle meir av den verkeleg reelle eksistensen til
blomstrane og elvane.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg er ein sauegjetar.
Saueflokken er tankane mine
og alle tankane mine er sanseinntrykk.
Eg tenkjer med auga og øyra
og med hendene og føtene
og med nasen og munnen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Å vere poet er ikkje eit mål for meg.
Det er min måte å vere åleine på.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

RufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenHarald KTine SundalHildeKirsten LundToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid Sæverhagen