Alberto Caeiros poesi

av (forfatter) og Øystein Vidnes (oversetter).

Flamme forlag 2012 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.50 (6 terningkast.)

29 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Denne diktsamlinga reknast som eit av hovudverka til forfattaren. Naturpoeten og sauegjetaren Alberto Caeiro er ein av fleire personar som forfattaren dikta opp i sitt forfattarskap. Dikta karakteriserast som opne og prosaiske og prega av eit enkelt liv på landet.

Omtale fra forlaget

Minst fire av dei største portugisiske forfatterskapa i moderne tid er skrivne av ein og same mann: Fernando Pessoa (1888-1935). Eit av hovudverka, Alberto Caeiros poesi, er utgitt i ei komplett utgåve på Flamme Forlag, i gjendikting ved Øystein Vidnes. Naturpoeten og sauegjetaren Alberto Caeiro var læremeisteren til alle dei andre forfattarane som Pessoa dikta opp. Dei opne og prosaiske dikta til Caeiro utgjer eit eige univers, prega av det enkle livet på landet og fornekting av dei store spørsmåla. Desse erstattar han med ein filosofi som handlar om å sjå, å ta inn verda gjennom auga, utan å filtrere inntrykka gjennom ein innlært fornuft.

Bokdetaljer

Forlag Flamme forlag

Utgivelsesår 2012

Format Innbundet

ISBN13 9788202368098

EAN 9788202368098

Språk Nynorsk

Sider 257

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 3 0 2 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Eg prøver å seie kva eg føler
utan å tenkje på kva eg føler.
Eg prøver å lene orda inntil ideen
og ikkje trenge nokon veg
av tankar bort til orda.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Å vere poet er ikkje eit mål for meg.
Det er min måte å vere åleine på.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Om eg av og til seier at blomtrane smiler,
og om eg skulle seie at elvane syng,
er det ikkje fordi eg meiner det er smil i blomtrane
og song i elvestraumen ...

Det er fordi eg på den måten kan få dei falske menneska
til å føle meir av den verkeleg reelle eksistensen til
blomstrane og elvane.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg er ein sauegjetar.
Saueflokken er tankane mine
og alle tankane mine er sanseinntrykk.
Eg tenkjer med auga og øyra
og med hendene og føtene
og med nasen og munnen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Frå landsbyen min ser eg alt som ein frå jorda kan sjå av universet ...
Difor er landsbyen min like stor som kva som helst slags land,
fordi eg er på storleik med det eg ser
og ikkje på storleik med mi eiga høgd ...

I byane er livet mindre
enn her i huset mitt oppe på åsen.
I byen stengjer dei store husa utsikta ute,
skuggar for horisonten, skuvar blikket vårt langt vekk frå himmelen,
gjer oss små ved å ta vekk det auga kan gi oss,
og gjer oss fattige fordi den einaste rikdommen vår er å sjå.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Sølvbergets tilsette plukkar nynorskbøker for å gratulere Stavanger mållag med 100-årsdagen 10. desember 2015. Les meir her.


Godt sagt! (3) Varsle Svar

Andre utgaver