Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Venlege ord er drypande honning,
søte for sjela og sunne for kroppen.
Betre er ein tørr brødbit i ro og fred
enn huset fullt av festmat og krangel.
Venlege ord er dryppande honning,
søte for sjela og sunne for kroppen.
Den vitlause har glede av dårskap,
den forstandige held rett kurs.
Ein klok son er til glede for far sin,
ein tåpeleg mann foraktar mor si.
Betre er ein grønsakrett med kjærleik
enn oksesteik med hat attåt.
Den dumme foraktar formaning frå far sin,
klok er den som lèt seg visa til rette.
Den dumme held sin veg for å vera den rette,
vis er den som høyrer på råd.
Dugande kvinne er ei krone for mannen,
duglaus kone er som verk i knoklane.
Ei vakker kvinne utan vit
er som ein gullring
i eit grisetryne