Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 25 sitater

Lærarane røykte som skorsteinar den gongen, og dersom det låg skodde og fabrikkrøyk over dalen ein dag, sa folk: "No luftar dei faen meg på lærarrommet igjen !"

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Den gongen var Odda ein turistmagnet som lokka til seg rikingar frå inn og utland. Dei reiste hit for å puste norsk natur og tylle i seg drinkar nede ved fjorden. Dei slutta å kome då industrirøyken la seg over dalen og forvandla Odda til ni millionar regnfulle måndagar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jo, sa Bratteli, det er lett nok å være agitator i eit samfunn der eliten er fødd med sølvskei i munnen, men kva når eit heilt folk er fødd med sølvskei i munnen?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi har alle vore gjennom stormar, noko spesielt skjer, ei ulykke kjem frå klar himmel, vi går ned, vi går under, men dette har vi også lært: same kva vi gjør, så stansar ikkje verda. Ingenting endrar seg, sjølv om ting rundt oss plutselig er annleis. Men ingenting stansar opp, folk tar seg ein drink, held fram med å rote det til for seg, hoppar til køys med feil personar, sølar vekk pengar på travbanen, drikk seg fra gard og grunn, folk held på og held på til siste sukk. Sjølv då stansar ingenting opp. Framtida liknar fortida. Fortida speler piano i eit rom over deg, i naborommet, ute i garden, men du er aldri der.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

I Odda fanst det ein kommunelege som folk kalte Kongen av Danmark, fordi han rundhanda delte ut medisin som om det var snop. Han hadde eit assortert utval piller liggande på pulten, som eit slags personleg apotek. Med ei trøtt handrørsle tilfredsstilte Kongen av Danmark all etterspurnad etter legemiddel. Han sopte opp ei handfull piller og sa med trøtt røyst: Sjå her, bare ta desse!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi treng fleire menn, sa Gerhardsen mutt. Gjennom frontruta kunne dei sjå folk løpe, sykle, danse inne på treningssenteret. Musklar bulte. Rumper strutta. Brystparti bruste. Er det slik du vil rekruttere? sa Bratteli og nikka mot dei store glasvindauga. Der inne ser du den nye nordmannen, topptrent og tarmskylt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ho er på det stadium i livet då ting ikkje kan skje fort nok, og det kan ho ha rett i. Når du til dømes er død og har lagt store planar, har du venta litt for lenge.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Folk sa om Lunde at han var så anonym at han skilte seg ut.

Godt sagt! (8) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men sjuskemøblane på Ikea ser sjusk ut, dei luktar sjusk, du må til og med sjølv skru sjusket saman, og ein vakker dag fell altså sjusket i hop. Dette veit Ikea, derfor lagar dei sjusk, dei sel ikkje det vi treng, dei vil bare at vi skal kjøpe nytt, dei vil at vi skal omgi oss med sjusk fordi det er den kjappe måten å selje meir sjusk på.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Margrethe  HaugenEli HagelundGodemineHilde H HelsethMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmHarald KKirsten LundmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikteRufsetufsaIngeborg GNinaStig TVannflaske