Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 121 til 130 av 190 sitater

Kvar dag har nok med si møde.
Matt 6,34

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?
Matt 6,27

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ingen kan tena to herrar.
Matt 5,24

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel.
Matt 6,19

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Matt 6, 9-13

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer.
Matt 6,3

Godt sagt! (3) Varsle Svar

De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’ Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han. Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.
Matt 5, 38-42

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Lat eit ja vera eit ja og eit nei vera nei!
Matt 5,37

Godt sagt! (5) Varsle Svar

De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.
De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.
Matt 5,13-16

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.
Matt 3,10

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

ChristofferAnne-Stine Ruud HusevågIngunnJDiddiHanne Kvernmo RyeIngeborg GCecilie EllefsenTone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita Roen