Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
I dag har eg saga skog,
eg er motorsagkongen
i måro tar eg plenen på same måte,
eit strå om gongen.
Då blir eg sikkert litt av eit syn
når eg ligg på kne og nappar plen
som eit kvinnfolk nappar bryn.
Arne 44 år. pinsetthagen.no
Til jobben i dag reiste eg
for fyrste gong på lenge med buss
eg fekk følelsen eg hadde
den tida eg var orangeruss.
Det strøymde på med minner
frå mitt tidlege ungdomsliv.
Det var bra for bussen
att eg ikkje hadde med tyggis og lommekniv.
Takk for jobben,du flotte fine juletre
no jobbar du som Noregs dyraste ved!
Du var glitrande,grøn og vakker å sjå
- og no er du god å varma deg på.
Med sprakande flammar du varmar oss no
- snart er 500 kroner berre ei glo....
Folk ligg sjuke i adle hus
Med omgangssjuka og nyregrus
Rednande naser og hoven milt
Med feber og beinbrudd og inngrodd pilt.
Eg kjenner eg blir sjukare av å syta
No skal eg på beina og rosa og skryta.
Velkommen kjære deilige sol
du valde å koma ut av ditt bol.
Eg nyt soldråpane som kitlar min kvite mage
der eg står ute i vårførebels fargelause hage.
Kvit hud er rock'n roll
så eg smør meg med solfaktor hondraogtoll !
Arne 44 år. Som ein stor kvitveis nyt eg sola.
Eg har ein krokus i hagen min
han er lilla og eg kallar han Finn.
Eg vurderte å ta han inn
men eg kan jo ikkje drepa kompisen min!
Takk kjære Finn,for at du minner meg om vår
- og takk for at du er så trufast kvart einaste år!
Arne 44 år. Klin krokus.
Månen er gul Månen er kul Eg fekk han til jul. I kveld er han ful.