Soldråpar

av (forfatter).

Kapabel 2011 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (3 terningkast.)

5 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Arne Torget vart fødd ved eit uhell som attpåklatt, yngst av fire søsken i 1966. Han har alltid vore opptatt av språk og ord. Mest ord. Korleis ord kan stablast saman og få meiningar som ikkje andre har tenkt på, som ein verbal kreativ lego. Han har alltid likt å underhalda, få folk til å le. Med raudt hår og fregner og lopper i blodet og ein dose melankoli i sinnet har denne underlege skruen gått sine eigne vegar. Når kompisane prioriterte rock og fotball tidleg på -80 talets Husnes prioriterte unge Torget kulestøt og poesi. Ikkje nett det som gjekk heim hos jentene i 1982. Han debuterte med det vidgjetne diktet "Tollaren Bjarte" i Husnes Ungdoms-skule si skuleavis i mars 1980. Han har reindyrka den rå upolerte poesien som kan vera stygg og vakker på ein gong. Han har vore husdiktar i lokalavisene Kvinnheringen, Sunnhordland og Grenda der han har skildra kvardagen i lokalsamfunnet med alternative vinklingar. Dette resulterte i 2 bøker og eit julehefte på -90 talet saman med teiknaren Trygve Hansen, som og har bidrege med illustrasjonar i Soldråpar. Etter å ha blitt lurt inn på det store merkelege samfunnet Facebook har han brukt sine observante eigenskapar til å krydra kvardagen til sine medfylgjande vener. Dei korte positive vitaminpillene vart så godt mottekne at nokon ville ha det i ei bok. Om du les dette held du sannsynlegvis resultatet i handa di, ven. Finn dine favorittbitar, og nyt dei når det passar. Du treng ikkje lese alt på ein gong.

Bokdetaljer

Forlag Kapabel

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788281630413

EAN 9788281630413

Språk Nynorsk

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 1 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Velkommen kjære deilige sol
du valde å koma ut av ditt bol.
Eg nyt soldråpane som kitlar min kvite mage
der eg står ute i vårførebels fargelause hage.

Kvit hud er rock'n roll
så eg smør meg med solfaktor hondraogtoll !

Arne 44 år. Som ein stor kvitveis nyt eg sola.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg har ein krokus i hagen min
han er lilla og eg kallar han Finn.
Eg vurderte å ta han inn
men eg kan jo ikkje drepa kompisen min!

Takk kjære Finn,for at du minner meg om vår
- og takk for at du er så trufast kvart einaste år!

Arne 44 år. Klin krokus.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Folk ligg sjuke i adle hus
Med omgangssjuka og nyregrus
Rednande naser og hoven milt
Med feber og beinbrudd og inngrodd pilt.

Eg kjenner eg blir sjukare av å syta
No skal eg på beina og rosa og skryta.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Takk for jobben,du flotte fine juletre
no jobbar du som Noregs dyraste ved!
Du var glitrande,grøn og vakker å sjå
- og no er du god å varma deg på.

Med sprakande flammar du varmar oss no
- snart er 500 kroner berre ei glo....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Til jobben i dag reiste eg
for fyrste gong på lenge med buss
eg fekk følelsen eg hadde
den tida eg var orangeruss.
Det strøymde på med minner
frå mitt tidlege ungdomsliv.
Det var bra for bussen
att eg ikkje hadde med tyggis og lommekniv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

5 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket