Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 21 til 25 av 25 sitater

Eigentleg er treningsmotivasjonen influert av at eg såg Max Manus på kino, og gjekk ut av salen med ei kjensle av skam over å ikkje vere krigshelt. Eg tenkte at eit minstekrav eg bør stille til meg sjølv, er å vere i såpass god form at eg kan ta på meg å utføre ein velretta sabotasjeaksjon når situasjonen krev det, og flykte på ski i nokre dagar etterpå.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Coverbandet, som har hatt ein pause, er tilbake på den vesle scenen, og dei opnar med det sleipaste av alle triks: Pink Floyds «Another brick in the wall». Som dobbelt lærardotter er eg veldig sterk motstandar av denne songen, og det skjer meg i hjartet at alle i lokalet no brøler det utdanningsfiendtlege mantraet «We don't need no education» om att og om att taktfast medan dei hamrar knyttnevane ned i borda og bardisken. – Jo, men de gjer det!! tenkjer eg fortvila, medan Helga Hjetland, stiloppgåver, bladet Utdanning, barndommens skulekjøken og lærebøker i O-fag passerer framfor mitt indre i revy.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det rår ei totalt likegyldig stemning i salen, både blant dei tiltalte og representantane for lova. Dei rundt tjue politibetjentane sit alle og skriv tekstmeldingar og et smågodt som om dei skulle vore på kino.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Mens eg sit og er sivilisasjonskritisk, går dei to kvinnene over til å snakke om sudoku, men på ein urimeleg dramatisk måte. Det er merkeleg å vere tilhøyrar til dette, men oppklaringa kjem då dei to damene heilt samstundes oppdagar at dei har forveksla ordet sudoku med tsunami.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det einaste som er gratis: luft, kjærleik, og lottokupongar, dersom ein let vere å levere dei inn og i staden brukar dei små rosa papirlappane til noka anna.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Therese HolmBeathe SolbergHarald KMads Leonard HolvikKirsten LundPrunellaLailaIngunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill Revheim