Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Ei dugande kone, kven finn vel henne?
Langt meir enn perler er ho verd.
Som stadig takdrop ein regnvêrsdag,
slik er ei trettekjær kvinne.
Å gøyma henne
er som å gøyma vinden
eller å gripa olje med handa.
god venskap styrkjer sjela
Betre er open kritikk enn skjult sympati.
Pris deg ikkje lukkeleg over morgondagen, for du veit ikkje kva han ber i sitt fang.
Betre å bu i ørkenlandet
enn med ei sint og trettekjær kvinne
Betre å bu i ein krok på taket
enn å vera i hus med trettekjær lvinne.
Styrke er ein prydnad for dei unge
og grått hår ei ære for dei gamle.
Sjølv den dumme blir rekna for vis når han teier,
og klok så lenge han held munn.
Klok er den som sparar på orda,
den forstandige held hovudet kaldt.