Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 131 til 140 av 190 sitater

Eg kjem til dykk og held dom.
Eg skundar meg å vera vitne
[...]
mot dei som held att løna for dagarbeidaren,
mot dei som undertrykkjer enkjer og farlause
og avviser innflyttaren,
[...],
seier Herren over hærskarane.
(Malaki 3,5ff.)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Israel, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei sel den rettferdige for pengar,
den fattige for eit par sandalar.
Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvet
og trengjer hjelpelause bort frå vegen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sjå, alle som bruker ordtak, skal bruka dette ordtaket om deg: 'Som mora, så dottera.'

(Esekiel 16,44)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Gled deg, du ungdom, medan du er ung,
ver glad og fornøgd i livsvåren!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Om mennesket får leva i mange år,
skal det gleda seg over dei alle,
men òg tenkja på dei mørke dagane,
for av dei blir det mange.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den som grev ei grav,
kan sjølv falla nedi

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er betre å vera to enn éin,
dei får god løn for sitt strev.
For om dei fell,kan den eine hjelpa den andre opp.
Men stakkars den som er åleine!
Når han fell, er det ingen
som kan reisa han opp.
Når to ligg saman, blir dei varme,
men korleis kan den som ligg åleine,
halda seg varm?
Om éin blir overvunnen,
kan to halda stand.
Ein tretvinna tråd
slitnar ikkje så fort.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Betre ei handfull ro
enn begge hender fulle av strev.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Alt har si tid,
det er ei tid for alt
som hender under himmelen:
ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
ei tid for å drepa, ei tid for å lækja,
ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja,
ei tid for å gråta, ei tid for å le,
ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,
ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar,
ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera,
ei tid for å leita, ei tid for å mista,
ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta,
ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop,
ei tid for å teia, ei tid for å tala,
ei tid for å elska, ei tid for å hata,
ei tid for krig og ei tid for fred.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Ingen ting er betre for eit menneske
enn å eta og drikka
og unna seg gode dagar
midt i alt sitt strev.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

MarteAnniken RøilKirsten LundPiippokattaAvaIngunnJStig TEgil StangelandFindusLeseberta_23Marianne  SkageHarald KGrete AmundsenHilde Merete GjessingJoakimGeir SundetIngunn SRisRosOgKlagingWencheHilde H HelsethLilleviKarin  JensenAkima MontgomeryJeanetteVegardGrete AastorpTove Obrestad WøienSigmundAgathe MolvikNora FjelliTonesen81John LarsenCathrine PedersenGodemineKjell F TislevollMarianneNsiljehusmorBeathe SolbergsomniferumMarianne M