Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.
Matt 15,11
Men i den fjerde nattevakt kom han gåande mot dei på sjøen.
Matt 14,25
Gjev meg hovudet til Johannes døyparen på eit fat.
Matt 14,8
Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden og i sitt eige hus.
Matt 13,57
Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål med mjøl, til alt var gjennomsyra.
Matt 13,33
Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin. Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar. Det blir til eit tre, og fuglane under himmelen kjem og byggjer reir i greinene på det.
Matt 13, 31-32
«Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. Då kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til syne. Tenarane gjekk til jordeigaren og sa: ‘Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?’ ‘Det har ein fiende gjort’, svara han. ‘Vil du vi skal gå og riva det opp?’ spurde dei. ‘Nei’, svara han, ‘for når de riv opp ugraset, kunne de samstundes koma til å riva opp kveiten. Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»
Matt 13, 24-30
«Ein såmann gjekk ut for å så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn der det var lite jord, og det skaut straks opp fordi jorda var grunn. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.
Matt 13, 3-8
Ta eit tre: Anten er det godt, og då er frukta òg god, eller det er dårleg, og då er frukta òg dårleg. På frukta kjenner vi treet.
Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjartet er fullt av, det seier munnen. Eit godt menneske ber fram godt av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vondt av det vonde han gøymer på.
[..]. For etter orda dine blir du frikjend, og etter orda dine blir du felt.
Matt 12, 33-37
Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar.
Matt 10, 16