Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 21 til 25 av 25 sitater

Det er ikkje meir enn et par dagar sidan eg irettesette min eigen soneson fordi han aldri ringer meg.Han svarte då at han hadde forsøkt å ringe meg. Eg sa til han: Forsøkte du å løfte opp røret og så svikta armane dine deg?

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg amma guten min for lenge, sa Mathissen. Du gjorde kva? spurte Arvid Lunde. Eg amma nok guten for lenge, sa Mathissen. Amma du han? Ja, eg amma han fram til han var fire år. Arvid Lunde trudde ikkje sine eigne øyre. Mathissen sa at han syntest synd på guten då mora døde, han hadde lagt han ved brystet annankvar time, og sjølv om det ikkje hadde komme noko mjølk, hadde guten tydeleg sett pris på desse ammestundene. Men eg amma han aldri i det offentlege, sa Mathissen. Der gikk grensa, heime fikk han brystet når han ville, heilt til han var fire år. Då måtte eg bare stoppe, sa Mathissen, då var det bom stopp, men skaden var altså allereie skjedd.
Skaden? spurte Arvid Lunde.
Ja, guten blei Høgre-mann, sa Mathissen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg tar til å le høgt av min eigen vits. Eg sit her åleine og ler. Folk stirer bort på meg. For ein augneblink er eg lykkelig.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Hjartet opnar seg. Hjartet lukkar seg. Hjartet blir mjukt. Hjartet blir hardt. Om hjartet opnar seg på feil tidspunkt eller blir hardt når det burde vere mjukt, er ein i trøbbel. Meir trøbbel er i vente dersom hjartet blir mjukt når det burde vere hardt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ein av landets viktigaste byar? spurte Blondie. Ja, sa Arvid Lunde, vi må aldri glømme at stader som Odda moderniserte Norge. Spør du meg, sa Blondie, er det eit godt hòl. Men om du vilforstå Norge, må du forstå Odda, protesterte Arvid Lunde. Om du forstår Odda, sa Blondie, er det noko jævlig alvorlig i vegen med hovudet ditt.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTralteKjell F TislevollLailaElin FjellheimReidun SvensliReadninggirl30Cathrine PedersenBeathe SolbergKirsten LundDemeterChristofferMonica CarlsenRisRosOgKlagingLars MæhlumHilde H HelsethBård StøreAnne Berit GrønbechMarteSynnøve H HoelLisbeth Marie UvaagrubbelLinda NyrudSolBjørn SturødAlice NordliGro-Anita RoenTore HalsaAleksanderToveAnniken RøilPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen NTorill RevheimAndreas HesselbergLene AndresenIreneleserEli Hagelund